Herold

Innstiller nattoga på Bergensbanen

Plus
Kilde: Hordaland Author: Stine Carlsen Published: 2026-04-08 13:39:26
Innstiller nattoga på Bergensbanen

Bane Nor med ny oppdatering onsdag ettermiddag.

Det er framleis stengd på Bergensbanen mellom Nesbyen og Flå på grunn av togbrannen.

– Det er bestemt at nattoga på Bergensbanen vert innstilt i begge retningar, seier pressevakt i Bane Nor, Harry Korslund.

Ifylgje Korslund er skadane på den midterste vogna så store, at ho ikkje kan trekkast vekk saman med dei andre to vognene.

– Det er ein omfattande jobb å dela vognene på grunn av skadar brannen har påført koplingar. Den midterste vogna må så lyftast vekk ved hjelp av maskiner, seier Korslund til BT.

Bane Nor estimerer at dei byrjar med arbeidet klokka 19.00 onsdag.

– Arbeidet vil ta rundt åtte timar. Godstrafikken i begge retningar blir også direkte råka gjennom natta.

Det er framleis buss for tog på strekninga.

Klokka 21 melder Vy at ein kan venta at strekninga opnar igjen torsdag klokka 01.

🏷️ Extracted Entities (7)

Bergensbanen (entity) Bane Nor (person) Harry Korslund (person) BT (entity) Flå (entity) Nesbyen (entity) Vy (entity)