– Det på tide å sei nei til meir utbygging
Plus
Denne gongen bør det vere naturen som vinn, og ikkje pengemakta, skriv Geir Oluf Hareland i dette lesarbrevet.
Las i Gjesdalbuen at Formannskapet gjekk inn for utbygging av fleire vindmøller på Måkaknuten Vindkraftverk.
Dette tykkjer eg er rart då eg meiner at Kommunestyret i 2019 sa nei til meir utbygging av vindkraft i Gjesdal.
Eg veit at det er delte meininger om utbygging, og at det er både fordeler og ulemper. Men nå er det på tide å sei nei til meir utbygging. Denne gongen bør det vere naturen som vinn, og ikkje pengemakta.
Det finnes tross alt ei lov om naturmangfald, som ein bør ta på alvor. Gjesdal har ofra nok natur.
Eg heier på dei politikarane som nå seier nei til meir utbygging av vindkraft.
🏷️ Extracted Entities (5)
Formannskapet
(entity)
Geir Oluf Hareland
(person)
Gjesdal
(place)
Kommunestyret
(entity)
Måkaknuten Vindkraftverk
(person)