BKK må nedbemanne. 80–90 mister jobben
Plus
Nettselskapet skal redusere kostnadane med 170 millionar kroner.
Det inneber mellom anna nedbemanning av opptil 90 personar, melder dei i ei pressemelding onsdag.
BKK er ein del av konsernet Eviny, men nedbemanninga gjeld berre nettselskapet. Dei har i dag 570 tilsette.
Årsaka til nedbemanninga er at dei er nøydde til å styrke beredskapen og investere meir i straumnettet, samtidig som dei skal halde nettleiga nede.
– Framover vil hovudoppgåvene våre koste meir på grunn av stort utbyggingsbehov, hyppigare ekstremvêr og auka tryggleiksrisiko. Vi omstiller derfor organisasjonen for å kunne levere endå betre på samfunnsoppdraget vårt, med lågare kostnader, seier Kristin Aadland, administrerande direktør i BKK i pressemeldinga.
Kristin Aadland bio
Fallande inntening trass i overskot
BKK har hatt solide overskot, men innteninga har falle. Frå eit årsresultat på dryge 619 millionar kroner i toppåret 2022, enda det på 376 millionar kroner i 2024.
Samstundes har lønskostnadane stige jamt – frå 501 millionar kroner i 2020 til 591 millionar kroner i 2024. I 2024 vart det ikkje teke ut utbytte frå selskapet. Dette skjer etter fleire år der eigarane årleg tok ut fleire hundre millionar kroner.
Årsresultatet for 2025 er enno ikkje offentleg.
Usikkerheit for Førde
Arild Fleten
I løpet av året skal BKK redusere kostnadane med 170 millionar kroner.
Nedbemanninga råkar tilsette innan område som kundehandtering, IT og verkstad. Energimontørane i felt blir ikkje råka.
BKK har førebels ikkje opplyst kor mange i Førde som mister jobben sin.
– Det er ein del av prosessen å finne ut kven som er riktige til å vere i dei stillingane som er igjen i selskapet. I Førde er det 50 som er tilsette i BKK. Energimontørane utgjer ein stor del. Prosessen vidare skal avgjere kven som eventuelt blir treft av dette her, seier Arild Fleten, divisjonsleiar drift og vedlikehald i BKK og plassjef i Førde, til Firda.
Fleten fortel at energimontørane utgjer om lag 35 prosent av staben i Førde.
– Det står i pressemeldinga at BKK i løpet av året skal reduserer kostnadar med 170 millionar. Har Førde-kontoret fått ein slikt måltal?
– Det er ikkje sett noko spesifikt tal for kor mykje som skal reduserast i Førde. Vi er ein del av ein struktur som er delt inn i divisjonar, der alle divisjonar må redusere kostnader. Montasjedivisjonen skal også kutte kostnadar, men det er ikkje noko spesifikke måltal for Førde. Vi må vere sikre på at vi klarar å gjennomføre dei investeringane vi skal framover og at vi sikrar god beredskap, vedlikehald og drift av nettet, seier han.
Pussar opp
Trass i at BKK no står overfor store kuttprosessar, understrekar Fleten at dei framleis skal ha eit strerkt og godt Energihus i Førde.
– Vi skal vere til stades her, og difor skal vi òg pusse opp Energihuset og gjere lokala meir moderne og framtidsretta, seier Fleten i pressemeldinga.
Firda kjem tilbake med meir.
Smartembed for https://www.regnskapstall.no/widget/accounting/?id=100547005S1&graph=true&finance=true&roles=true&shareholders=true