Trusselsituasjon i Kinn: Skal ha truga mann med våpen
Plus
Like før klokka 18.00 onsdag kveld vart politiet varsla om ein trusselsituasjon på Husevågøy utanfor Måløy.
– Éin mann skal ha truga ein annan mann med eit våpen. Politiet er på staden og har kontroll. Ingen er skadd, opplyser operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt.
Politiet er i gang med etterforsking på staden for å kartlegge hendingsforløpet.
Dei involverte vil bli avhøyrde, og det vil ikkje bli gitt fleire opplysningar før det er gjort, seier operasjonsleiaren.
Det Dahl-Michelsen kan seie noko om, er at politiet rykte ut med fleire patruljar då hendinga vart meldt klokka 17.55. For å kome seg dit måtte dei ha assistanse av ferje, redningsskøyte og båt.
– Korleis vart de varsla om hendinga?
– Det vil eg ikkje kommentere på noverande tidspunkt av omsyn til etterforskinga.
– Har det vore vitne til hendinga?
– Det kan hende, men det er noko av det vi no ønskjer å finne ut av.
– Er dei involverte kjende for politiet frå før?
– Det har eg ingen kommentar til.
Det er per 21.50 ikkje tatt stilling til om nokon skal pågripast.
Kart med ID 516858