Herold

Det var rett å sette ned drivstoffavgiftene

Kilde: Romsdals Budstikke Author: Kjartan Kvellestad Published: 2026-04-07 10:19:32
Det var rett å sette ned drivstoffavgiftene

Det var rett å sette ned drivstoffavgiftene, men Stortingsfleirtalet har ikkje sikra at reduserte avgifter kjem folket til gode.

Rødgrønt samarbeid - eit valløfte!

Du leser nå et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.

Det er ingen av dei rødgrøne partia som gjekk til val på drivstoffprisar på 30 kroner literen eller meir. Høge drivstoffprisar påverkar økonomien til folket, næringslivet og er saman med høge straumprisar med på å skape inflasjon. At renta kan auke på grunn av avgiftskutt i drivstoffavgifta er ulogisk all den grunn reduserte drivstoffprisar saman med priskontrollerande tiltak kunne bidra til å dempe prisveksten. «Det er heller ingen logikk i at Norges Bank skal true med å øke renta fordi Trump har bomba Iran. Økt rente åpner ikke Hornuzstredet og «presset i norsk økonomi» er ikke for stort»,seier Rødt leiar Marie Sneve Martiniussen til VG. Arbeiderpartiet må ta ansvaret for gnissinga på rødgrøn side, og at ein kom på defensiven i forhold til å komme med tiltak mot verknadane av Israel og USA sin angrepskrig mot Iran. Det er for seint å vente på revidert budsjett når ein slik uforutsett krise oppstår. Samtidig er det lite konstruktiv å angripe SP, å true med avtalebrot og kabinettsspørsmål. Det tenar ikkje vanlege folk på og det er i verste fall eit valløftebrot.

Hele poenget med å ha en økonomi, pengar, politikarar og et samfunn er at folk skal ha det bra. At kvardagen skal være trygg nok til at man har fridom. Det manglar mange nå. Etter fleire rundar med prisvekst og inflasjon er strikken tøygd så langt at den sprekker for helt vanlege familiar med helt vanlege jobbar. Ikkje minst er dette kritisk for landbruket som nå skal starte våronna.

Rødt meina at vi trenger ein krisepakke for kvardagsøkonomien.

Vi har ikkje tid til å utgreie og lage nye system, vi må ta utgangspunkt i det vi har. Auka utbetalingar til minstepensjonistar, uføre og folk på AAP, auka barnetrygd og kutt i skatta og avgifter for arbeidsfolk. Difor var Rødt sitt framlegg både avgiftskutt og eingongsstøtte.

Samtidig er Rødt glad for at drivstoff avgiftene er satt ned. Rødt stemte også for SV sitt framlegg om priskontroll. Dette for å hindre at avgiftslette i realiteten blir subsidiar til oljeselskapa og bensinstasjonane, og at prisane i liten grad kjem folk og næringsliv til gode. Vi har i media sett mange døme på at prisane vart auka rett før avgiftsvedtaket tredde i kraft. Høgresida har vore naive når dei einsidig reduserte avgiftene, utan tiltak for å sikre at det kjem folk til gode. Det grunn til å tru av bransjen vil nytte eit slik høve til eiga vinning. Distribusjon av diesel og bensin er i hovudsak styrt av internasjonale oljeselskap. Bensinstasjonane er eigd av internasjonale oljeselskap, internasjonale finansieringsselskap og Reitangruppen. Det er å tru på julenissen å ikkje innsjå at dei vil nytte høve til å auke sine inntekter.

Når vi også ser at Israel og USA sin angrepskrig mot Iran også påverkar straumprisane er det all grunn til ta Rødt sin straumpolitikk på alvor. Å ta krafta under offentleg kontroll og innføre ein reelle makspris på 35 øre kWh. Å forsette eit system der prisen på straum blir styrt av drivstoff og energiprisar i Europa er dødfødt.

Vil redusert matmoms gje reell prisnedgang?

Rødt er ikkje i mot å redusere moms på mat dersom vi er sikre på at det vil gje reelt lågare priser. NRK sin reportasje før påske synte at i Sverige auka matvareprisane rett før momskutt. Matvarebransjen lova at momsreduksjon skal komme kundane til gode, men dette er det liten grunn til å stole på. I boka «Maten vår» skriv Anders Nordstad om korleis matvareprisane i Norge blir sette. Matvarebransjen gjennomfører grundige analyser for å finne «rett prisnivå», ut frå kva folk er viljuge til å betale for maten. Samtidig har fleire av matvarekjedene kontroll på distribusjonsnettet. Dei eig mellom anna produsentar, grossistar og deler av transporten. Mens folk har fått dårlegare råd grunna høge matvare prisar, er det matvarebaronane som har hatt det største inntekts - og forumeauke dei siste år. Det er eit godt døme på at einsidig momsreduksjon ikkje vil gje oss billigare mat, i beste fall eit kortvarige stogg i prisstigninga.

Rødt leiar Marie Sneve Martiniussen seier til VG. "Alle må skjerpe seg". Ho maner til fred og forsoning på rødgrøn side

Alle parti på venstre sida gjekk til val på ein rødgrønn politikk. Dei stod samla mot ei høgredreiing av samfunnet. Rødt meiner det same etter valet som før valet. Vi gjekk til val for eit rødgrønt fleirtal fordi:

· Vi vil få ned forskjellane i Norge - som har auka dei siste 40 åra.

· For å få innført ei tannhelsereform der tennene blir rekna som ein del av kroppen

· For å styrke arbeidstakarane sine rettar i arbeidslivet, sikre fleire faste stillingar og få avvikla innleige.

Høgrekreftene sine angrep på sjukelønnsordninga syner at det er like viktig no som før valet å bygge ei felles plattform på saker som samlar rødgrønn side.

Isreal og USA sin angrepskrig mot Iran krev at vi på rødgrøn side kjem på offensiven og meisla ut ein felles politikk som sikrar kvardagsøkonomien. Som hindrar at oljeselskapa, matvarebransjen, straumselskapa og bank/finansnæringa stikk av med profitten samtidig som vanlege folk må ta rekninga.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal

🏷️ Extracted Entities (21)

Rødt (entity) Iran (entity) Leserinnlegg 📁 (category) Meninger 📁 (category) USA (entity) Leserinnlegg 🏷️ (keyword) MENINGER 🏷️ (keyword) Israel (entity) Marie Sneve Martiniussen (person) Norge (entity) VG (entity) AAP (entity) Anders Nordstad (person) Europa (entity) Maten vår (entity) Nordvest (entity) Reitangruppen (entity) SP (entity) SV (entity) Stortingsfleirtalet (entity) Sverige (entity)

📊 Metadata

Category: Meninger, Meninger, Leserinnlegg
Keywords: Meninger, Leserinnlegg