Herold

– Vi kan ikkje sitje her å seie at det berre er idiotar som driv med dette

Plus
Kilde: NH Author: Vegard Flatøy Published: 2026-04-08 13:36:56
– Vi kan ikkje sitje her å seie at det berre er idiotar som driv med dette

Utvalet frarår satsing på kjernekraft. Ordførar i Austrheim, Morten Sognnes, håper politikarane utvidar horisonten.

Eit samrøystes utval frarår at Norge satsar på kjernekraft no. Rapporten slår fast at teknologien er altfor dyr, tek for lang tid og vil krevje massive statlege subsidiar.

Onsdag morgon la Kjernekraftutvalet fram ei omfattande utgreiing på nesten 500 sider.

Austrheim-ordførar Morten Sognnes (H), har i fleire år arbeidd for moglegheitene for kjernekraft i kommunen. Han seier konklusjonen var som forventa, han er likevel skuffa over at dei ikkje er meir positive.

– Men heldigvis er det ikkje dei som bestemmer. Det er det politikarane som gjer. No håper eg berre at dei ikkje ventar seg i hel. Vi går ei energikrise i møte, og dersom vi ventar til den er her, skyt vi oss sjølve i foten.

– Ikkje ei løysing dei næraste 20 åra

Tidsperspektivet er ei hovudårsak til at utvalet er kritisk. Sjølv om interessa for kjernekraft har vakna til live att, er konklusjonen i rapporten tydeleg på at dette ikkje hjelper oss med dagens utfordringar:

– Kjernekraft er ikkje ei løysing på verken klima- eller kraftutfordringane vi står ovanfor i Norge dei neste 20 åra, slår rapporten fast.

Utvalsleiar Kristin Halvorsen peika på at Norge manglar den nødvendige grunnmuren for å starte opp. Under framlegginga sa ho:

– Vi har aldri drive med kjernekraftproduksjon før. Vi treng å bygge opp utdanningar, vi treng å drive med forsking, og vi kan kartlegge kva endringar som må til for at vi skal kunne drive kjernekraft sikkert.

Sognnes håper og trur at politikarane også vil leite fleire stader etter informasjon og ikkje berre støtte seg på utvalet.

– Det er andre land i Europa som har kjernekraft, det er lov å snakke med dei. Vi kan ikkje sitje her å seie at dei berre er idiotar som driv med dette og at det berre er vi som har kunnskapen.

For dyrt

Sjølv om utvalet konkluderer med at kjernekraft kan byggjast og drivast med svært låg risiko for helse og miljø, fell prosjektet på økonomien. Rapporten er nådelaus i vurderinga av kostnadene samanlikna med andre kraftkjelder:

– Med dagens prisutsikter kostar kjernekraft to til fire gonger meir enn framtidig marknadspris på straum. Investeringskostnadene til kjernekraft må falla med 70–80 prosent for at kjernekraft skal vere lønnsamt i Norge.

Dette gjer at Halvorsen tvilar på viljen til å betale for teknologien:

– Eg trur det er veldig få som vil betale to til fire gonger så mykje for kjernekraft som for anna straum, sa ho til pressa.

Held døra på gløtt

Sjølv om hovudanbefalinga er å ikkje starte ein prosess no, meiner utvalet at Noreg ikkje skal leggje ballen heilt bort. Dei foreslår å byggje opp eit nasjonalt fagmiljø for forsking og kompetanse, slik at vi er førebudde dersom teknologien skulle bli billigare i framtida.

For dei kommande tiåra er beskjeden frå utvalet slik:

– Dei komande tiåra er det oppgradering av vasskraft, vindkraft og sol som må byggast ut for å møte auka kraftforbruk.

Utvalet dreg også fram det moralske ansvaret som følger med teknologien. Sidan avfallet må lagrast trygt i 100 000 år, understreker dei at dette gir oss eit «stort moralsk ansvar for generasjonane som kjem lenge etter oss».

Også Sognnes meiner kjernekraft er eit spørsmål om klima og komande generasjonar.

– Vi skulle ha byrja med dette for lenge sidan. Ungane våre vil slite med det vi ikkje har klart å ordna opp i.

🏷️ Extracted Entities (8)

Norge (entity) Morten Sognnes (person) Utvalsleiar Kristin Halvorsen (person) Austrheim (place) Austrheim-ordførar Morten Sognnes H (organization) Europa (entity) Kjernekraftutvalet (entity) Noreg (entity)