Det var på tide
Endeleg er skrankene på det nye sjukehuset på Hjelset tilrettelagt, også for oss som høyrer dårleg!
1 million nordmenn blir gløymt!
Du leser nå et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.
For den observante besøkande på det nye sjukehuset på Hjelset kan dei sjå at det har kome opp plakatar om tilrettelegging for dei som høyrer dårleg i skrankene. Det var på tide
Vi har venta på at eit nytt systemet skulle kome i bruk, men på grunn av forseinkingar har sjukehuset tatt i bruk slynger. Slyngene har stått i skrankene lenge, men dei tilsette har mangla opplæring og publikum har mangla informasjon om at det finst. Og da finst det i praksis ikkje og vi risikerer å ikkje få den informasjonen på lik linje med alle andre, seier ho. Slike tilretteleggingar kan vere heilt nødvendig for at vi får den informasjonen vi treng når vi har ærend på sjukehuset.
Dette har tatt alt for lang tid, og vi etterlyser kva sjukehuset gjer vidare for å hindre at dette kan skje igjen. Vi som høyrer dårleg er vant til å bli gløymt av når det gjeld tilrettelegging, det er eit usynleg funksjonstap, som om lag 1 million nordmenn har. Vi har dei same rettane, og vi hadde forventa at dette var på plass på eit heilt nytt sjukehus, seier ho, og oppfordrar alle sjukehus og helseinstitusjonar i fylket og landet om å gå gjennom eigne rutinar for slik tilrettelegging.
Hørselsforbundet har mange lokallag som også kan hjelpe med tips og råd, og evt uttesting. Til slutt har vi ei sterk oppfordring til alle som høyrer dårleg om å ta kontakt med dei tilsette og be om å få bruke utstyret, som applauderer at informasjon og opplæring endeleg er på plass!
Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal