Vern av Sognefjorden
Plus
Forskarane har funne ut at Sognefjorden (SF) er sjuk og bør vernast. Men vert fjorden vår frisk ved hjelp av vern? Veit ein eksakt kvifor SF er sjuk? Om det er pga. for mykje næringsstoff frå oss som bur langs fjorden eller er det andre grunnar som til dømes fiskeoppdrett. Eller er det kraftutbygging?
Eg har fiska og ferdast langs fjorden frå Solund til Aurland sidan slutten på 1960-talet. Kva er dei største forandringane sidan 60- og 70- talet?
Dei store fiskemengdene av brisling, aure og laks er nesten vekke. Det er og mykje av kvitfisken, særleg i indre delar av fjorden. Vi fekk ei massiv kraftutbygging av dei største elvane som rann ut i fjorden. Dette førte til ein total forandring av ferskvasstilførselen til SF. Tidlegare var elvane islagde og nesten vasslause om vinteren. Vårflaumane var samstundes óg kraftige. Dei store ferskvassmengdene bar med seg masse næring til brisling og sildeyngel, som igjen gav vidare næring. Laksesmolten vart sopt ut SF med ferskvassjiktet. Saltgehalten om vinteren var nok høgare og. Godt mogleg vårflaumen var gunstig for utskifting av botnvatn over terskelen ved Rutletangane. Eit døme er kraftutbygging av elvane som rann til Ikjefjorden. Etter oppdemming går vatnet til Matre og elvane er nesten tørre. I tillegg vart austre sundet mellom holmen og land fylt igjen da brua over Ikjefjorden kom. Resultatet er ein øydelagt fiskefjord.
I dag er elvane store når straumprisen er høg uavhengig av årstid. Fiskeoppdrett var det berre Erling Osland som dreiv med, han var pioner i Fuglsetfjorden.
Mogleg vern kan bli ei sovepute og ei leikegrind for forskarane mens vi som nyttar fjorden til dagen blir den tapande part. Kva med å fokusere på reinsetiltak og forsøkje å leggje til rette for vårflaumar igjen.