Opnar for skjenking heilt til klokka 06.00 under fotball-VM
Plus
Utestader i Kinn kan fÄ hÞve til Ä servere Þl og vin langt utover natta dersom Stortinget endrar reglane under sommarens fotball-VM
Innbyggjarane i Kinn kan fÄ moglegheit til Ä sjÄ nattkampane under sommarens fotball-VM med alkohol i glaset.
FrÄ 11. juni til 19. juli blir fotball-VM for herrar arrangert i USA, Canada og Mexico. PÄ grunn av tidsforskjellen vil mange av kampane bli sendt midt pÄ natta norsk tid.
Nasjonale styresmakter har derfor foreslÄtt ei mellombels endring i alkohollova som gjer det mogleg Ä skjenke Þl og vin utover dagens maksimaltid medan meisterskapet gÄr. Om det forslaget gÄr gjennom Stortinget er det opp til kvar enkelt kommune Ä avgjere om dei skal legge til rette for utvida skjenking medan Fotball VM gÄr fÞre seg.
Vil greie ut endring
Helse-, sosial- og omsorgsutvalet i Kinn behandla saka i mĂžte 24. mars. Her vedtok dei kommunedirektĂžren sitt framlegg om Ă„ greie ut ei mogleg mellombels endring av dei lokale skjenkereglane under fotball-VM.
Vedtaket vart gjort mot to rĂžyster â Kjell-Arne Kvalheim frĂ„ Frp og Kjell-Jarle Oldeide frĂ„ Raudt stemte i mot forslaget.
Dersom lovendringa blir vedteken nasjonalt, Ăžnskjer kommunen Ă„ opne for at skjenkestader som viser direktesende VM-kampar kan fĂ„ skjenke alkohol i gruppe 1 og 2 â altsĂ„ Ăžl og vin â heilt fram til klokka 06.00 i perioden.
Berre innandĂžrs
Forslaget gjeld berre for stader som viser direktesende VM-kampar for gjestene sine. Den utvida skjenketida vil berre gjelde innandĂžrs, men dei reknar telt for Ă„ vere innandĂžrs.
Uteservering skal framleis fĂžlge dei ordinĂŠre skjenketidene. Kinn kommune har i dag opna for skjenking av Ăžl og vin fram til klokka 02.00.
Skal pÄ hÞyring
Politikarane har no bede kommunedirektÞren sende forslaget pÄ offentleg hÞyring.
Utvalet vedtok samstundes Ä halde eit ekstraordinÊrt mÞte fÞr saka gÄr vidare til kommunestyret. Planen er at kommunestyret skal ta endeleg stilling til saka i mÞtet 19. mai.
VM-feiring pĂ„ Torget nattestid: â Vi seier ja
Sivert og Leander har sitt travlaste Ă„r: â Trivst du, gĂ„r alt!
Nesten fullbooka i VM-teltet pÄ Torget