UTV starta å brenne på rv. 15
Plus
Klokka 08.08 tysdag melde 110 Vest om brann i eit køyretøy på Nordfjordvegen i Stad.
Alle naudetatane rykte ut.
Seinare melde politiet at det var ein UTV som stod i full fyr, og at den er nesten utbrend.
Dei første meldingane om køyretøyet frå politiet omtala det som ein ATV. Dette vart seinare retta, ved at det vart opplyst at det var ein UTV.
Føraren av UTV'en, ein mann i 60-åra, skal ha komme seg vekk frå køyretøyet. Han skal ikkje vere skadd, men sjokkert etter hendinga, opplyser politiet.
Klokka 08.26 vart brannen meldt å vere nesten sløkt.
– Berre rammeverket står att, sa vaktleiar Tore Fanebust ved 110-sentralen til Firda klokka 09.20.
UTV-en vart seinare henta av bilbergar.
Det vert oppretta sak på hendinga.
🏷️ Extracted Entities (8)
ATV
(entity)
Firda
(entity)
Nordfjordvegen
(entity)
Stad
(place)
Tore Fanebust
(person)
UTV
(entity)
UTV'en
(entity)
Vest
(entity)