Bil med tre mindreårige hamna på taket over autovern
Plus
Dei tre er tekne til lokal legevakt for undersøking.
Klokka 03.26 natt til tysdag melde operasjonssentralen i Vest politidistrikt om ei trafikkulykke på fv. 614 i Bremanger.
Ein bil var då meldt å ha køyrt av vegen og ned ein skråning. Brannvesenet var på staden like før 03.30 og det vart meldt at det hadde vore tre personar i bilen, som alle hadde komme seg ut av bilen.
Dei var meldt å vere vakne og bevisste.
Politet skriv vidare at dei tre involverte var mindreårige, og at dei var tekne med til lokal lege for undersøking.
Vegen vart stengt på staden medan bilberging pågjekk. I morgontimane, klokka 05.36 var bilen henta av bilbergar og vegen opna att.
– Bilen er opplyst å ha køyrt av vegen, og å ligge på taket, over eit autovern i ei grøft, fortel operasjonsleiar Frode Kolltveit tysdag morgon.
Han fortel at airbagen var utløyst, og at den eine av dei involverte hadde klaga over nakkesmerter. Utover dette var det ikkje meldt om personskadar.
Det er ikkje mistanke om køyring i ruspåverka tilstand.
Politiet opprettar sak på hendinga.