Det som ikkje kjem av seg sjølv
Plus
OperaKysten er ei lokal operascene med utgangspunkt i Florø. Vi tilbyr opera der du bur – og difor turnerer vi til Måløy og Hyen, Svanøy og Sogndal like godt som Ålhus og Hellevik. Vi ønskjer å vere ei scene for unge talent, helst dei som kjem frå regionen vår. Vi har ikkje ein stor organisasjon. Eit arbeidande styre gjer jobben saman med frivillige – og til dette arbeidet trengst det sjølvsagt pengar. Eit raust næringsliv er gjentekne gongar med oss i ryggen, men utan gåvemidlar frå sparebankar og stiftingar saman med offentlege støtteordningar hadde dette ikkje vore mogleg å realisere. Det er få kulturarrangement som klarer seg med billettinntekter åleine. Eit rikt kulturliv treng denne forma for støtte.
Difor følgjer vi med interesse den debatten som no går i Firda om kundeutbytte og samfunnsutbytte i sparebanksektoren. Vi er glade for å kunne seie at begge bankane som er nemnt i denne debatten har støtta oss. Vi ser det att i aktiv støtte til idrettsaktivitetar på alle aldersnivå, i Kinnaspelet og i felles spleiselag som då begge bankane gjekk saman om å løfte Svanøy Hovudgård som senter for kultur, mat og reiseliv. Slike spleiselag er eit godt bilete på kva modellen faktisk kan levere. Vi tek ikkje stilling til den interne striden mellom dei. Det er ikkje vår arena.
Men vi ønskjer å understreke kva desse gåvemidlane betyr for små aktørar som oss.
Sparebankane i denne regionen er ikkje berre ein stad å ha kontoen sin. Dei er ein infrastruktur for det som gjer livet i Sogn og Fjordane til noko meir enn berre arbeid og bustad. Gåvemidlar frå sparebankar og eigarstiftingar er det som gjer det mogleg å skape profesjonell kunst i eit område der marknaden åleine aldri ville bore det. Dei er det som gjev eit lokalt kor nytt notemateriell, eit idrettslag nye drakter og eit bygdehus nytt tak. Det er ikkje velgjerd. Det er ein modell – ein særnorsk og særleg vestlandsk modell – der overskotet frå finansverksemd blir reinvestert i lokalsamfunnet.
Denne modellen er no under press. Debatten om kundeutbytte handlar først og fremst om korleis overskotet i sparebankane skal fordelast: tilbake til enkeltkundar, eller til lokalsamfunnet gjennom gåver og samfunnsengasjement. Vi forstår godt at kundeutbytte er populært – pengar i lommeboka er lett for oss alle å setje pris på. Vi er likevel uroa for kva som skjer med kulturlivet og det frivillige Noreg dersom stadig meir av overskotet blir kanalisert den vegen.
Gåvemidlar frå sparebankar fungerer ikkje berre som direkte støtte. Dei fungerer som startkapital og tillitserklæringar som utløyser midlar frå andre kjelder. Utan dei hadde det ikkje vore mogleg å realisere mange av dei kulturopplevingane som folk i Sogn og Fjordane tek for gitt.
Vi håpar at dei som no tek avgjerder om sparebankane si framtid, både i bankstyre og på Stortinget, hugsar at bak tala om gåvemidlar ligg det framsyningar, konsertar, korøvingar og kulturopplevingar som betyr noko for folk – og som ikkje kjem av seg sjølv.
Påstandar og fakta i kundeutbyttedebatten
Millionar til overs etter desse prosjekta
Sparebankane sin eigenart er trua
Kritikken blir underleg når tala kjem på bordet
Kundeutbytte er ikkje problemet, nedsalting av pengar er