Alle er ikkje frå storbyen
Plus
Sogn og Fjordane Unge Høgre er imot programkomiteens forslag om 20,000 innbyggjarar per kommune. Det høyrest ryddig og effektivt ut på papiret. Men det er nettopp problemet. Det fungerer berre på papiret.
For her vest lever vi ikkje på eit kart. Me lever i eit landskap med fjordar, fjell og store avstandar som ikkje forsvinn fordi nokon teiknar nye kommunegrenser.
Og det er det som manglar i heile denne debatten. Ei grunnleggjande forståing av kva kvardagen faktisk ser ut som.
For la oss vere konkrete:
Blir det meir velferd av at ein må køyre to timar for å besøke besteforeldre på sjukeheim?
Blir tenestene betre fordi dei blir samla lenger vekke frå folk?
Blir det meir effektivt når ein likevel må bygge opp løysingar fleire plassar, berre for å få kvardagen til å gå opp?
Svaret på alt dette er nei.
For avstandane består. Alltid.
Det ein i realiteten gjer, er å flytte makt og tenester lengre vekk frå folk, og så håpar ein at det på ein eller annan måte skal vege opp gjennom såkalla stordriftsfordelar.
Men erfaringane frå tidlegare reformer viser at det ikkje er så enkelt. For mange har det betydd mindre nærleik, mindre oversikt og større avstand til dei som tek avgjerdene.
Og det er her ein bommar fullstendig.
For det finst alternativ. Gode alternativ.
Ta samarbeidet gjennom Nordfjordnett. Kommunar som Kinn, Bremanger, Stad, Stryn og Gloppen har samla IT tenestene sine. I tillegg samarbeider dei med Sunnfjord og andre kommunar om innkjøp. Resultatet er stordriftsfordelar der det faktisk gir meining, utan at ein må fjerne kommunane eller svekke det lokale sjølvstyret.
Det viser at ein kan få til mykje av det ein ønskjer seg, utan å sentralisere alt.
Ein kan samarbeide der det gir effekt, og samtidig halde på nærleiken til tenestene der folk bur.
Det er den typen løysingar vi burde snakke meir om.
For ja, det er utfordringar i små kommunar. Men løysinga er ikkje automatisk å gjere dei større. Løysinga er å gjere dei betre, på ein måte som faktisk tek omsyn til korleis landet ser ut.
Det som provoserer mest med dette forslaget, er kor lite rom det gir for variasjon. Norge er ikkje likt overalt, og då kan heller ikkje løysingane vere det.
Å tru at ein kan standardisere kommunestrukturen i eit land som dette, blir rett og slett for enkelt.
Og heilt ærleg:
Å sentralisere store avstandar er altfor naivt.
For avstandane forsvinn ikkje. Dei blir berre eit større problem for dei som må leve med dei.
Reagerer på Unge Høgre-utspel: – Rett og slett sjokkerande lesing
Unge Høgre vil sette eit minstekrav om 20.000 innbyggarar per kommune