Førde og omland, hand i hand!
Plus
Kommentar til revisjon av kommuneplanen sin samfunnsdel.
By og land, hand i hand, eit velkjent slagord utvikla av Arbeidarpartiet, og framleis like aktuelt. For oss i Sunnfjord kommune som er inne i ein prosess med revidering av kommuneplanen sin samfunnsdel, er det ei god rettesnor.
Førde treng eit sterkt og godt omland, og omlandet treng eit sterkt og godt Førde.Sunnfjord kommune utviklar seg best ved at dei ulike områda i kommunen samarbeider og får utvikle seg med sine sterke sider.
Førde by må kunne vidareutviklast som regional motor innan arbeidsplassar, handel, kompetanse, offentlege tenester og kultur. Lokalsentera skal ha ei rolle innan handel, tenestetilbod for eit naturleg omland, og også vere lokale møtepunkt. Nærsentera skal vere levande lokalsamfunn med møteplassar og tenestetilbod i dagleglivet. Biblioteka bør få styrka merksemd som kulturformidlar og møteplass.
Næringsutvikling må vere velkome i heile kommunen, både sentralt i Førde og elles i kommunen der det ligg til rette for det. Det kan vere tiltak som byggjer på lokale forhold, på naturressursar eller historiske forhold, eller som tillegg til andre aktivitetar, til dømes landbruk. Kommunen må og stimulere til nye arbeidsformer, som fjernarbeid og kontorfellesskap.
Bustadutvikling i og rundt sentera skal bidra til å styrke eksisterande lokalsamfunn og grender. Kommunen skal aktivt bidra til at tomme bustader kjem tilbake i bruk som heilårsbustader. Spreidd busetting, næringsutvikling og teneststruktur vil minske transportbehov inn til Førde, og minske presset på bustader og næringsbygg i Førde. Varierte buformer og mangfaldig næringsliv vil gjere Sunnfjord kommune meir attraktivt for busetting.
Aktivt landbruk tilpassa naturgjevne forhold er berebjelke for spreidd busetting.Sunnfjord kommune er største landbrukskommune i Vestland målt i areal. I det komande jordbruksoppgjeret er det for Sunnfjord sin del viktig at det blir lagt til rette for å styrke økonomien i grasbaserte produksjonar, i sauehaldet, i ku- og geitemjølkeproduksjonen på små og mellomstore bruk. Utprøvinga av teigbaserte arealtilskot bør utvidast til også å gjelde Vestland. Ku, sau og geit omset gras til protein, grasressursar vi elles ikkje kan bruke.
Aldersvennleg samfunn må få meir merksemd, styrkast og konkretiserast meir i planen.Som aldersvennleg kommune må Sunnfjord kommune innarbeide dette i bustadpolitikk, utvikling av lokalsamfunn/nærmiljø, tenestrukturar, møteplassar og kommunikasjonar. Ifølge Siri Ytrehus gjeld eit aldersvennleg samfunn både fysiske og sosial omgjevnader. Det må vere tiltak som blir tilpassa lokale omgjevnader, og som fremjar medverknad og deltaking. (Siri Ytrehus: Aldersvennleg samfunn, Cappelen 2024) Dette må syne att i vektlegging av lokalmiljø med gode nabolag med tilgang til møteplassar og grunnleggande tenester i kvardagen.
Konkrete tiltak kan vere bygging av universelt utforma leilegheiter i kommunen, med lett tilkomst både for eldre og for unge førstegongsetablerarar. Dette vil skape meir levande og attraktive nærmiljø, og minske presset på bustader sentralt i Førde.
Totalberedskap må setjast høgt på dagsorden. I ei krise er eit sterkt og livskraftig omland med matproduksjon spesielt viktig for byane. Miljødirektoratet sin rapport Klimatiltak i Norge 2026» går dessverre på tvers av alle mål om auka sjølvforsyning og matberedskap. Her har vi lokalt ein jobb å gjere for å forklare våre styrande om verknader av slike framlegg
Sunnfjord Ap har sidan 2019 arbeidd for å ta opp att kornlagring i Norge, også på Vestlandet, og har fått delvis gjennomslag for dette. Men det trengst meir enn 6 månader lager. Totalberedskap handlar både om matforsyning, busetting, energi, kommunikasjonar, helsetenester og tenestetilbod generelt.
Når krisa kjem, treng vi å hente maten frå Sunnfjord sine bygder og Førdefjorden. Vi treng verksemder som Nortura på Reset, Tine på Byrkjelo og REKO på Kronborg. Vi treng fleire enn dei to bøndene som er att i dalen. Vi treng Bondelaget, Småbrukarlaget og Bygdekvinnelaget. Vi treng kornlageret som vi i Sunnfjord kommune har vedteke bør kome i Vestland.»
Så la oss stå saman, «By og land, hand i hand», for at Sunnfjord kommune skal framleis vere ein god kommune å bu i.
Må importere utanlandsk kjøt: – Ei vanskeleg sak
Landet som aldri vart rikt nok
Raymond har funne sin nisje: – Aldri hatt så mykje å gjere
– 2026 blir eit tøft år i bygg og anlegg