Herold

BOM – for den lange Hafstadfjelltunnelen

Plus
Kilde: Firda Author: Kjartan Myklebust, Sivilarkitekt, Førde Published: 2026-04-07 08:56:06
BOM – for den lange Hafstadfjelltunnelen

Våre lokale politikarar – m/ Jenny Følling i spissen – skaut totalt bom, då dei ville ha ny trase for E39, med lang tunnel frå Gaular til Førde sentrum. Her såg dei føre seg ein glup bein strek på eit kart, utan tanke på at ein rett strek på eit kart, ikkje er det same som den rettaste vegen å gå. Hovudproblemet med biltrafikken gjennom Førde er Halbrendslia, og ein slik utanforliggande ny E39 frå Gaular til Førde sentrum, løyser lite for Halbrendslia. Den kostar mykje, og har liten nytteverdi for Førdetrafikken.

No kjem det for ein dag at denne tunnelen ikkje er liv laga, utan at det vert kravd bompengar, også for bruk av eksisterande veg gjennom Halbrendslia. Dette må vel då vere eit bevis på at det lange tunnelalternativet er feil val. Den kan ikkje stå på eigne bein.

Dersom politikarane hadde valt alternativet om ny E39 frå Reset til Førde, så hadde truleg denne vegen vore bygd for lenge sidan. No lever vi framleis i uvissa,

Eit anna moment er at det blir lite att å sjå av turistvegen, når bilistane blir leia inn i ein lang tunnel, der ein korkje får oppleve det flotte landskapet over Langeland, og heller ikkje ein snurt av Førde sentrum. (Sjå vedlagt kart)

Så om tryggleik og kostnader.

Tryggleik.Våre politikarar har greidd å få nedklassifisert denne lange tunnelen frå 4 – felts veg til 2-feltsveg, for å gjere den billigare, og lettare å kjøpe. Men dette er i strid med EU sine retningslinjer og krav. Skjer det ei ulykke el. havari midt inne ein så lang og trang tunnel, vil redningstiltak vere svært utfordrande. Her kan det såleis ofrast liv for pengar.

Kostnadar.Det er enkelt for ein politikar å gjere seg populær, med ein lang tunnel i ermet. Men, det som veljarane ikkje blir fortalt, er at vedlikehaldskostnadane for ein slik lang tunnel, er 7 -9 gonger høgre, enn for ein veg i dagen. (Statens vegvesen sine eigne data).

Ein merknad til slutt: Her er eit døme på at politikarar slår på stortromma, utan tanke på omsyn til andre sine behov. Det finst veldig mange nye vegar og vegsikringstiltak her til lands, som bør ha krav på langt større prioritet, enn ein ekstravagant tunnel i Sunnfjord. På vedlagt kart her kan ein sjå at om lag halve lengda av tunnelen frå Gaular til Førde går om lag parallelt med eksisterande E 39 – som har høg standard – langs Langelandsvatnet. Dette må vel vere grovt misbruk av ressursar.

Magemål. No bør vi få bygd tunnelen frå Reset til Førde sentrum, som ein første etappe. Våre politikarane bør slik sett vise eit visst magemål, – både med omsyn til både private og offentlege saker. Ikkje alle gjer` det.

– Passert smertegrensa

Kjempesprekk på Hafstadfjelltunnelen

Firda Billag-topp kritisk til buss-løysingane. Har eigne forslag

Hordalendingar ut i BT: – E39 i Sogn og Fjordane viktigare enn Hordfast

🏷️ Extracted Entities (18)

Førde (entity) Hafstadfjelltunnelen (entity) E39 (entity) Gaular (entity) Halbrendslia (entity) Reset (entity) BT (entity) Billag (entity) EU (entity) Fjordane (entity) Førdetrafikken (entity) Hordfast (entity) Jenny Følling (person) Langeland (place) Langelandsvatnet (entity) No (entity) Sogn (entity) Sunnfjord (place)