Herold

Nekta å betale for båtreisa – vert politimeld

Plus
Kilde: Firda Author: Idar Stadheim Published: 2026-04-07 09:56:17
Nekta å betale for båtreisa – vert politimeld

Ein mann under 20 år hadde reist med hurtigbåten til Florø, men då det kom til å betale var han ikkje særleg velvillig.

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melde tysdag føremiddag at dei har vore i kontakt med ein mann etter at vedkommande skal ha nekta å ha betalt for reisa si med ein av hurtigbåtane til Florø.

Denne planen om gratisreise skal ha funka så som så, for politiet stod klare og tok kontakt med vedkommamnde då båten la til kai.

Personen er no dimittert, men det er gitt naudsynt informasjon om vedkommande til båtselskapet, som vil melde forholdet i ettertid.

Patrulje i nærleiken stod klar

Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Frode Kolltveit, fortel at det var mannskap ved Hurtigbåtselskapet som varsla politiet om at vedkommande hadde vore vanskeleg.

Og som både journalisten og operasjonsleiaren begge er innom: Nektar du å betale for deg på ein båt, så er det få stader å unnsleppe når båten ein gong legg til kai.

– Patruljen vår stilte då på kaien, og vi fekk peika ut vedkommande. I dette høvert var det veldig greitt at Florø-patruljen var i nærleiken, fortel Kolltveit.

Operasjonsleiaren legg ikkje skjul på at tysdagens hending var av det litt spesielle slaget. Slikt ser politiet meir av i form av buss- og bybanesniking i Bergen, fortel han, men då vert det ofte politimeldt etter å ha blitt oppdaga av vektarar, før det vert naudsynt for politiet å gripe inn.

Kan fort bli dyrare

Kolltveit fortel at politiet også ønskte å vise utfallet av denne hendinga med førebyggande hensikt: For skulle du ha tenkt at det skulle vere mogleg å reise gratis med båt ved å vere vrang nok, så er svaret nei.

Mannen skal naturleg nok heller ikkje ha vist ID til mannskapet på båten. Men dette fekk politiet henta då dei stoppa mannen på kaia, og gitt vidare til hurtigbåtselskapet.

– Mannskapet har nok late dette gå på staden for å unngå meir konfrontasjon, og så involvert politiet. Så då stoppa vi han og tok konfrontasjonen, seier Kolltveit, som også gjer eit avsluttande poeng:

– Om ikkje han gjer opp for seg, vert det nok fort meir for han å gjere opp, enn det hadde blitt å betale billetten.

🏷️ Extracted Entities (6)

Florø (entity) Frode Kolltveit (person) Vest (entity) Bergen (entity) Hurtigbåtselskapet (entity) ID (entity)