Eit minne om det utrulege året og om ein smertefull lærdom
Plus
Nokre ting berre borer seg fast.
Eg stakk hovudet gjennom luka og lyste inn i det låge smale loftet.
«Det er alt for lenge sidan nokon har rydda der, det er bra å gjere no i påsken» var beskjeden frå mor mi.
Ja, bereposar frå Drageseth Spar og Maurtua vitna om at det var ei stund sidan.
Eg klatra opp og byrja å bevege meg innover eit hav av gamle koffertar, permar, kassar, og gamle kassettar.
Men eg kom ikkje langt før eg stoppa heilt opp.
Eg trudde den var tapt for alltid, men no låg den der framfor meg, glinsa og blinka i lyset frå lampa.
Eg kjente det i magen, hjartet, ja heile kroppen. Eg hadde funne pinscapsen min att.
Dei smilte mot meg, både Håkon og Kristin, maskotane på Lillehammer‐OL-pinsane.
Litt til venstre kom «MF Austrheim» tøffande. Spesielt då Nordhordlandsbrua vart bygd skulle alle ha BNR-pins av ferja mellom Knarvik-Steinestø eller snøggbåten «Lygra».
Ein pins som eit minne om det som skulle forsvinne.
Mellom ferja og det raude kommunevåpenet til Lindås kommune er det ein blå pins med kyrilliske bokstavar og ein satellitt.
Eg gløymer ikkje dagen eg fekk den. Vi var på bytur (hadde sikkert tatt «Lygra» frå Frekhaug»)
På bryggen i låg det eit russisk krigsskip og utanfor stod ein ung matros og selde pins som han hadde festa på innsida av lua si.
I dag er eit russisk krigsskip i Bergen like usannsynleg som at det er lukrativt å selje pins på gata.
Nede på bremmen er det noko anna som lenge har verka urealistisk, ein pins det står «Mini» på som markerer at Norge sitt herrelandslag skal til fotball-VM.
Over «Mini» er det ein pins som skil seg ut. Rund og turkis med med skrifta: Nordhordlandsbrua September 1994.
Dei fargerike stiliserte menneska strekker armen i vêret. Det er som om dei helsar bort til ferjepinsen.
Kongen kom til opninga, vi fekk servert ei rekordlang kake og sjølvsagt måtte det og markerast med ein pins.
Like sjølvsagt var det at den hamna på capsen min.
Så var spørsmålet. Var capsen for fin til å gå rundt med? Var den for verdifull?
Ein vårdag tok eg likevel sjansen. Pinsane glinsa og bremmen skygga for sola.
Men så enda eg opp, som eg ofte gjorde på den tida, med å spele fotball på skuleplassen på Flatøy.
Og i eit ivrig og tankelaust augeblikk tok eg sats og heada ballen etter eit utspark frå keeper.
Eg innsåg tabben i det 15 pins bora seg inn i panna og tårene trilla nedover kinna.
Etter det fekk capsen fast plass på ein spiker på veggen.
Og frå spikaren vart den ein eller anna gong plassert på loftet.
No er den henta ned og er eit minne om eit år der ferja forsvann, brua kom, Norge arrangerte OL og spelte i fotball-VM.
Og sjølvsagt ei påminning om å aldri heade ein ball med pinscaps.