Vi er svært bekymra for at utfordrande kommuneøkonomi skal få diktere dårlegare lærardekning i haugesundskolen
Plus
Kjære folkevalde i Haugesund kommune,
Kommunekommisjonen si anbefaling rundt lærarnorma har nok ikkje gått under radaren, reknar vi med. Leiar i Utdanningsforbundet, Geir Røsvoll, tok dissens i kommisjonen på dei to forslaga som endrar lærarnorma slik ho er i dag, og medlemmane i Utdanningsforbundet Haugesund er svært bekymra for at utfordrande kommuneøkonomi skal få diktere dårlegare lærardekning i haugesundskolen.
Vi har den siste tida sett at fleire kommunestyre i heile landet har behandla spørsmålet om minstenorma for lærartettleik skal flyttast til kommunenivå, eller skrotast heilt frå skolen. Då er vi glade for å sjå at mange folkevalde frå nord til sør og aust til vest har stemt for å behalde norma på skolenivå: Rana og Harstad i nord, Kristiansand og Lindesnes i sør, Indre Østfold, Kragerø og Vinje i aust og Bjerkreim, Bergen og Stord i vest... for å nemne nokre.
Nå ber vi om at Haugesund også vedtar å behalde lærarnorma slik ho alltid var tenkt å vere - ei minstenorm på skolenivå. Eit golv, ikkje eit tak.
Sjølv om forhaldet mellom den oppveksande generasjonen og aldersgruppa 75+ allereie har begynt å bikke tungt i sistnemnte gruppe, må vi hugse at dei unge er fundamentet i velferdsstaten. Utan dei klarar vi heller ikkje å ta vare på dei eldre. Om det nokon gong var viktig å sørge for at dei unge er rusta til å møte vaksenlivet, så er det verkeleg nå. Alle unge må vekse opp sterke nok til å bidra til samfunnet og ta del i arbeidslivet. Vi har ikkje råd til at talet på unge uføre blir værande så høgt som det er i dag.
Det er heller ikkje slik at vi er på veg til eit samfunn der fødselstala berre vil halde fram med å søkke, og at vi vil stå med stadig fleire tomme barnehageplassar og skolepultar for all framtid. Prognosar seier at fødselstala vil flate ut.
Vi fryktar at endring av dagens lærarnorm vil føre til fleire elevar per klasse og færre lærarar til å sikre kvalitet i undervisninga, sikre at elevar i randsona blir hanka inn, og sikre tid til at alle elevar blir sett av lærarane sine. Det er det viktigaste verktøyet vi har til å sørge for at elevane trivst i skoletida, ei tid som har så stor plass i kvardagen deira.
Å ha ansvar for store elevgrupper treng ikkje å vere utfordrande i seg sjølv - det kjem heilt an på elevgruppa, men det som i alle fall er sikkert er at gruppestorleik harbetydning for kor god oversikt lærarane har i klasserommet, og kor godt dei klarar å fange opp og hindre utanforskap. Dei fleste vil også vere einige i at det å kjenne seg utilstrekkeleg i arbeidsdagen er oppskrifta på auka sjukefråvær. Jobben skal vere helsefremmande, og då må arbeidsvilkåra vere best moglege for den enkelte lærar.
Dette bringer oss til vår neste uro - nemleg at det vil bli endå vanskelegare å behalde dei lærarane vi har og ikkje minst rekruttere nye til læraryrket. Vi har i fleire år sett låge søkartal til lærarutdanningane, og det er sjølvsagt fleire faktorar som speler inn når unge vaksne skal velje yrke. Lønn er ein faktor, men eg trur med handa på hjartet eg kan seie at lønn aldri er høgast på lista til dei som vel læraryrket. Sjølv om vi meiner lærarane si høge kompetanse burde gi høgare lønn, veit vi også at rammevilkåra for å gjere ein god jobb er like viktig. Dei som ønsker å formidle kunnskap til og utvikle kompetanse hos dei unge, det kjæraste dokker har, må ha gode rammer til å oppfylle dette viktige samfunnsmandatet.
Vi veit at skolestruktur av og til må endrast og politikarar må ta tøffe val for framtida. Og det er nettopp derfor vi håpar dokker også kjenner at framtida treng kloke avgjersler rundt kor mykje vi satsar på generasjonen som skal ha ansvar i samfunnet vi blir eldre i. Tidleg innsats er framleis viktig for å skape robuste barn, unge og vaksne. Då må vi sørge for at lærarane har tid til å sjå både elevane som treng meir hjelp og elevane som treng fleire utfordringar.
Stem for å behalde minstenorm for lærartettleik på skolenivå i haugesundskolen!