Herold

Tre bilar kolliderte i tunnel: – Har fått sleng

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Wenche Schanke Eikum Published: 2026-04-06 12:32:44
Tre bilar kolliderte i tunnel: – Har fått sleng

Naudetatane rykkjer måndag ut etter melding om trafikkulukke i Vetlebotntunnelen på fylkesveg 50 mellom Hol og Aurland.

Det er tre bilar som har kollidert inne i tunnelen. Operasjonssentralen til Vest politidistrikt melder at det ikkje er snakk om alvorlege personskadar. Det er førebels ukjent kor mange personar det er i dei ulike bilane.

– Nokre av personbilane har fått sleng, og køyrt inn i kvarandre. Ein person opplyser å ha smerter i kragebeinet etter bilbeltet, opplyser operasjonsleiar Frode Kolltveit.

Meldinga om ulukka kom klokka 14.20. Brannvesen, politi og entreprenør er på veg fram. Ambulanse ventar med å rykkja ut.

Trafikken på staden vert dirigert sakte forbi.

Oppdatering klokka 14.44:Brannmannskap er framme på staden og melder at alle personar er oppegåande. Ein av dei opplyser også å ha smerter i hovudet.

Bilbergar er bestilt måndag ettermiddag.

🏷️ Extracted Entities (6)

Aurland (place) Brannmannskap (entity) Frode Kolltveit (person) Hol (entity) Vest (entity) Vetlebotntunnelen (entity)