Fekk god respons på familiedagen: – Det er de som gjer at vi har økonomi til å halda det gåande
Plus
Mange tok turen til familiedagen i Steinparken i Rosendal påskeaftan.
Der var det laga til mange kjekke aktivitetar som spesielt barnefamiliar sette pris på. Forutan kaker og kaffi i Dinosaurhuset og fyr i bålpanna ved amfiet, kunne ein delta på påske-kultur-sti, bygga trebåt, laga meisebollar eller grava ut fossilar frå den spennande sandkassen. Etter iherdig innsats frå dei små dukka det opp vakre, fargerike steinar og fossilar som trilobittar og blekkskrutar frå sanden, og ikkje minst ein (litt) skummel sjøskorpion! Og Dinosaurhuset var stappfullt då Vibeke Fredheim stilte opp og fortalde eventyr igjen.
– Vi hadde kraftig undervurdert nyssgjerrigheita og interessa for både påske-kulturstien, båtbygging, edelsteinar og fossil. Det blir ikkje betre enn det! Takk til deg som kom med eller utan barn eller barnebarn, og som delte aktivitetar, smil og drøs. Det er du som bidrar til økonomien som gjer at vi kan halda Steinparken gåande. Takk også til Steinparkens vener som alltid stiller opp på dugnad, stod det i eit takke-innlegg på Facebook-sida til Steinparken.