Familie med baby vart sitjande fast i fleire timar på Bergensbanen
Plus
Då eit tog fekk tekniske problem ved Hallingskeid og blokkerte Bergensbanen, vart ein familie med baby råka av stenginga.
BA: Om kvelden påskeaftan fekk eit tog problem ved Hallingskeid og blokkerte Bergensbanen. Årsaka skal ha vore tekniske problem, melde pressevakt i Bane Nor, Harry Korslund.
Om bord på toget sat ein familie med ein fire veker gammal baby.
– Me har ein fire veker gammal baby, og me håpar me får plass til alt av barnevogn og utstyr som me har med oss på det nye toget, seier Sondre Tjørswaag, som var på veg heim til Bergen med familien sin.
Dei hadde vore på hytta på Geilo med svigerfamilien.
På heimreisa fekk toget tekniske problem før det var kome til Finse.
– Det er noko laber stemning her. Toget står heilt stille, sa Tjørswaag til BA like etter klokka 18.
Sov gjennom det
Han fortel at babyen sov trygt i mor sine armar då det heile stod på.
– Ho har ikkje merka så mykje førebels, ho ligg og søv. Heldigvis har me med oss godt med klede, sa han.
Pressevakt Harry Korslund informerte om at dei reisande vart flytta over til eit tog som gjekk frå Myrdal rundt klokka 18:45.
– Det er varme på toget som står fast, og alt er som normalt. Det er ingen fare for nedkjøling eller noko slikt. Toget står også under tak, sa Korslund.
Rundt klokka 19 påskeaftan kom eit nytt tog, som frakta passasjerane ned til frå fjellet og til Bergen.
Passasjerane måtte kryssa skjenegangen, og evakueringa gjekk sakte, ifylgje ein av passasjerane BA snakka med.
Paret med babyen vart fleire timar forseinka heim.
– Det blir ein lang reiseveg, sa Tjørswaag.
Slik er status på Bergensbanen fyrste påskedag:
Smartembed for https://rtd.banenor.no/web_client/std?station=VOS&layout=portrait&content=departure¬ice=yes&header=no&page=
Dette er status på fjellovergangane
Har sendt ut to farevarsel for helga: – Kan koma opp i 20 meter per sekund