Siste nytt om stormen «Dave»
Plus
Meteorologisk institutt og Vegtrafikksentralen gjev oss siste nytt før stormen «Dave» bles innover norskekysten.
Stormen «Dave» er venta å treffa sundag, og det er sendt ut farevarsel fleire stadar i landet.
På spørsmål om kva ein kan venta seg på Voss, svarar vakthavande meteorolog Julie Solsvik Vågane:
– De ligg heldigvis nord for vêrvarselet. Det kan bli litt vind på Voss på ettermiddagen og kvelden, men det er ikkje noko farevarsel der.
– For dei som kanskje skal heim att i dag, kor byrjar det?
– Det gjeld frå Bjørnafjorden og sørover. Vel så relevant, er snøfokk om ein skal austover. Dette byrjar alt frå Myrdal.
– Råder folk til å halda seg oppdaterte
Trafikkoperatør Andreas Rasmussen frå Vegtrafikksentralen vest, kjem med fylgjande råd til dei som har tenkt seg ut på vegane:
– Det er viktig for dei som skal nytta fjellovergangane å fylgja med på vegvesenet sine sider, slik at dei kan vera merksame på kva overgangar som er opne – eller om det er kolonnekøyring.
Elles peikar han – som meteorologen – på snøfokk som den største utfordringa.
– Ein bør køyra etter forholda og ha med seg noko varmt i bilen i tilfelle ein vert ståande.
For dei som har tenkt seg langs kysten, opplyser Rasmussen om at det er venta mykje vind, og at det er fare for trevelt.
– Er det venta mykje trafikk sundag – eller reiste folk flest heim att i går?
– Det kan verka som om det var ein ganske betydeleg del av folket som reiste heim i går, men det er nokre bilar ute i dag og, som gjerne køyrer før vinden treffer skikkeleg.
Her er direkte oppdatering på fjellovergangane:
Smartembed for https://www.avisnavn.no/api/graff/v1/component/trafikk-fjelloverganger-liste?pass=79213072,976989548,915906244,81833493,82951889,761980521
Slik er status på Bergensbanen fyrste påskedag:
Smartembed for https://rtd.banenor.no/web_client/std?station=VOS&layout=portrait&content=departure¬ice=yes&header=no&page=