Christine er ranka som nummer éin i verda
Plus
Kickboksaren Christine Hagatun briljerer i ringen for tida. Men opptakten mot årets sesong har ikkje vore knirkefri.
– Eg starta året med nokre ryggproblem. Dei var ganske heftige, så eg var innom sjukehuset i nokre dagar. Det viste seg å vera ein alvorleg prolaps i ryggen som hadde slått til under styrkjetrening, fortel Hagatun då Hordaland slår på tråden.
Etter ein periode med god hjelp frå Olympiatoppen og fysioterapeut, der ho tok opptreninga steg for seg – måtte ho bestemma seg for om ho skulle vera med til sesongstart eller ikkje.
Med ryggen gjekk det fint, men så vart ho brått råka av alvorleg sjukdom i nære relasjonar.
– Det tok mykje av tida og førte til ein ny vurderingsrunde om eg skulle delta eller ikkje. Men ofte i slike situasjonar er det deilig å ha ein klubb å gå til; og det enda til slutt med at eg ynskte å prøva, og det er eg glad for.
Christina Hagatun representerer Fana Kickboksingklubb.
Nummer éin i verda
I forkant av Italian World Cup 2026 i mars, vart verdscupen si rankingliste oppdatert; noko som skjer ein gong i året.
Her vert dei samanlagde prestasjonane til utøvarane gjennom de to føregåande sesongane vurderte.
I år hamna Hagatun på fyrsteplass.
– Kva betyr dette for deg?
– Eg må innrømma at fokuset går frå konkurranse til konkurranse, så eg har ikkje lagt så mykje tankar ned i rankinga. Men klart det er veldig kjekt å få vita at ein presterer på det jamne, såpass bra.
Gullmedalje i Italia
Som fylgje av den nye plasseringa på rankinglista, slapp ho å gå innleiande rundar då det var klart for verdscup i Italia – og gjekk rett til finalen.
Der møtte ho Viktoria Dora Balint-Palfi frå Ungarn – og kampen gjekk betrakteleg betre enn venta.
– Utifrå kampane me hadde studert på førehand, trudde me at det skulle verta ein slitekamp. Men eg trur ho enda med å få eitt poeng. Eg har gått kampar i same hall før, der det har gått veldig dårleg. Så det var utruleg kjekt å få ein opptur.
Neste konkurranse for Hagatun vert NM i Molde om to veker.