Herold

656 utan straum på øyane utanfor Florø

Plus
Kilde: Firda Author: Arne Hjorth Johansen Published: 2026-04-05 14:03:33
656 utan straum på øyane utanfor Florø

(Firdaposten): 656 kundar er råka av eit straumbrot frå Trolleskjeret og utover i øyane i Kinn søndag ettermiddag.

Ifølgje driftsmeldinga oppstod utfallet klokka 13.55. Montørar er på veg for å seksjonere nettet og finne feilen.

Det er førebels uvisst kvar feilen ligg, og nettselskapet opplyser at det også er uklart kor lang tid det vil ta før straumen er tilbake.

Du kan følge Linja sitt straumbrotkart her for å sjå etter oppdateringar. Straumbrot.

I 16-tida blei talet utan straum redusert til under halvparten.

I 20-tida var det 104 utan straum. Linja sine montørar måtte mellom anna snu for å få seg ein større båt i det dårlege vêret i løpet av ettermiddagen.

🏷️ Extracted Entities (5)

Florø (entity) Firdaposten (entity) Kinn (entity) Linja (entity) Trolleskjeret (entity)