Sigla frå Mongstad – hamna over bord
Plus
Hovudredningssentralen sett i gang ein omfattande redningsaksjon. Trur mann har omkommen.
– Det er eit fartøy i Nordsjøen som har sendt inn mayday-signal om mann over bord, seier redningsleiar Jan Erik Skorpe ved Hovudredningssentralen til NTB.
VG melde om saka først. Dei skriv at tankskipet ligg om lag 45 kilometer frå land, sørvest for Stavanger. Det ligg dermed midt i stormen «Dave».
Skorpe opplyser til NTB at dei fekk melding om saka rundt klokka 16.
– Vi har sendt eit redningshelikopter som er på veg ut, og eit kystvaktskip. Fartøy i nærleiken er òg bedne om å bistå, seier han.
Han fortel at dei har vore i kontakt med skipet, men at dei førebels ikkje veit noko meir om kva som har skjedd enn at det er mann over bord.
Klokka 17 skriv HRS på X at redningshelikopter frå Sola er kome fram og er i gang med søk i området. Dei opplyser samstundes at det er fartøyet Alfa Baltica dei bistår.
HRS opplyser at oljetankaren var på veg frå oljeraffineriet på Mongstad til Litauen. Eit norsk konstruksjonsskip i nærleiken har endra kurs og er på veg for å hjelpe i søket etter mannen.
Avsluttar søket
Mannen hadde ikkje på seg redningsvest, ifølgje ei melding over naudnettet som VG har fått attgitt.
Politimeister Hans Vik i Sør-Vest politidistriktet avgjorde søndag kveld å avslutte søket, i samråd med lege, opplyser Hovudredningssentralen.
Valet om å avslutte søket er grunngitt med at «det ikkje lenger blir vurdert som mogleg å finne vedkomande i live».