Herold

Oppfordrar folk til å førebu seg på stormen: – Tenk gjennom kva du gjer viss straumen blir vekke

Plus
Kilde: Strandbuen Author: Elin Moen Karlsen Published: 2026-04-04 11:08:49
Oppfordrar folk til å førebu seg på stormen: – Tenk gjennom kva du gjer viss straumen blir vekke

Kommunedirektør Heidi Klaveness ber strandbuane førebu seg på at stormen «Dave» treff rogalandskysten i morgon.

Klaveness var i møte med fylkesberedskapsrådet laurdag morgon. Ho har også hatt møte med ordførar Irene Heng Lauvsnes, og skal ha møte med den lokale beredskapsgruppa seinare laurdag.

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) hever beredskapen før ekstremvêret «Dave» og åtvarar om at både straum og mobilnett kan bli ramma.

– Dei som er på vakt i kommunen er allereie i gang med å gå over kommunale bygg og eigedommar og sikra lause gjenstandar. Me er førebudde på uventa hendingar, seier kommunedirektøren i Strand.

Lnett hadde ei klar melding i fylkesberedskapsrådet.

– Lnett seier at dei aldri har opplevd eit så kraftig farevarsel for rogalandskysten når det gjeld vind,og at dei forventar at vegar kan bli stengde på grunn av trenedfall og bortfall av straum, fortel Heidi Klaveness.

Viss straumen forsvinn i meir enn to til fire timar kan me også risikera bortfall av mobilnettet. Dette er eit scenario me har øvd på det siste året, og me har planar for dette i vårt beredskapssystem, held ho fram.

Skal du reisa heim frå påskeferie på sundag? Det bør du ikkje, åtvarar meteorologane

– Håpar på det beste

Ho har ei klar oppfordring til strandbuane.

– Innbyggarane må følga med på varsel frå styresmaktene, og viss dei har behov for det ringa naudnummera. Me legg også ut informasjon fortløpande på nettsidene våre, og her har me også ein vakttelefon folk kan ringa ved behov, forklarer Klaveness.

– Viss stormen utartar seg blir det nye møte med Statsforvaltaren i Rogaland. Me håpar på det beste og førebur oss på det verste, legg ho til.

Viss både straum og mobilnett forsvinn, vil det bli opna eit informasjonssenter i Torghuset på Jørpeland, opplyser ho vidare.

Ho ber folk lada mobiltelefonar og elbilar før stormen bryt ut.

– Folk må tenka gjennom kva dei skal gjera om dei mistar straumen og førebu seg på dette sjølv. Me ber om at folk held seg mest muleg inne, og ikkje oppsøker sjøen for å sjå på bølgene, seier Klaveness.

– Det kan koma store bølger, så det kan vera livsfarleg. Om folk kjem til der det eventuelt dett ned straummaster og det ligg straummaster på bakken, må dei halda avstand og melda ifrå, for det kan også vera livsfarleg, oppfordrar ho innstendig vidare.

Store styrker var med i leiteaksjon etter sakna familie – viste seg å vera ei misforståing

Førebudde i Hjelmeland

Kommunedirektør i Hjelmeland, Janne Johnsen, kom ned frå fjellet fredag og har nå besøk av familien på hytta i Hjelmeland. Innimellom terningkast, svarer ho lokalavisa.

– Me har varsla alle våre, og me er mobiliserte på same måte som dei er i Strand, seier ho mellom stor straight og hus med barnebarn.

– Har du ei oppfordring til hjelmelandsbuane i samband med farevarselet?

– Folk må ta vare på kvarandre og ikkje vera ute om dei ikkje må. Viss dei har gjenstandar ute, som kan fyka i vinden; trampolinar og lause utemøblar, så må dei sikra desse. Om folk er i fjellet, må dei vera førebudde på at fjellovergangar blir stengde, svarer Johnsen.

– Elles må dei gjera som dei pleier, og tenka gjennom kva dei held på med, legg ho til.

Viss både straum og mobilnett forsvinn, har den langstrekte kommunen fleire informasjonssentralar.

– Me har informasjonssentralar i butikkane våre i Jøsenfjorden, på Fister og i Årdal, i tillegg til på biblioteket på Hjelmeland. Me håpar at det skal gå over i beste laget, og tar ein fot i bakken igjen i morgon, peikar Janne Johnsen på.

– Ikkje sett deg sjølv i fare

Fleire førebur seg på at uvêret rammar Rogaland. Sør-Vest politidistrikt har auka beredskapen for morgondagen.

Operasjonsleiar Victor Fenne-Jensen tilrår innbyggarane i distriktet om å sikra lause gjenstandar i dag, planlegga godt og bruka sunn fornuft om dei må ferdast utandørs.

– Unngå å setja deg sjølv i situasjonar som kan føra til uønskte hendingar, peikar han på.

Stiftsdirektør Geir Skårland i Den Norske Kirke i Rogaland skriv følgande i ei pressemelding:

«Biskop Anne Lise Ådnøy har bestemt at gudstenestene 1. påskedag 5. skal flyttast til kl. 10, i hele Stavanger bispedømme».

Kolumbus fortel at kollektivtrafikken kan bli ramma av uvêret.

– Det er reiarlaga og bussoperatørane som løpande vurderer om det er forsvarleg å oppretthalda drifta. Det må reknast med betydelege innstillingar, særleg på ferjer, hurtigbåtar og buss på utsette strekningar. Innstillingar kan skje på kort varsel – sikkerheit går alltid først, peikar Kolumbus på i ei pressemelding.

– Følg råda frå styresmaktene

Dei oppfordrar folk vidare til å følga med på kolumbus.no og i media for løpande oppdateringar. I ein slik ekstremsituasjon kan sanntidsinformasjonen i appen ligga etter, peikar det fylkeskommunale mobilitetsselskapet i Rogaland på.

– Me stoler fullt på at operatørane tar dei riktige avgjerdene. Følg styresmaktene sine råd og held dykk oppdaterte, seier Christina Stangeland, administrerande direktør i Kolumbus.

Statens vegvesen har også sendt ut ei pressemelding.

– Det vil bli svært krevande kjøreforhold i store delar av Sør-Norge gjennom dagane kor mange skal heim igjen frå påskeferie. Vegar, bruer og fjellovergangar kan bli stengde og ferjesamband innstilte på kort varsel, åtvarar Svenn Finden, avdelingsdirektør i Statens vegvesen.

🏷️ Extracted Entities (22)

Hjelmeland (place) Kommunedirektør Heidi Klaveness (person) Rogaland (place) Janne Johnsen (person) Dave (entity) Kolumbus (entity) Strand (place) Christina Stangeland (person) Den Norske Kirke (person) Fister (entity) Irene Heng Lauvsnes (person) Jørpeland (place) Jøsenfjorden (entity) Nkom (entity) Operasjonsleiar Victor Fenne-Jensen (organization) Statens (entity) Statsforvaltaren (entity) Stiftsdirektør Geir Skårland (person) Svenn Finden (person) Sør-Norge (entity) Torghuset (entity) Årdal (place)