Herold

Kolonne på Hemsedalsfjellet

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Kyrre Fitje Published: 2026-04-05 07:34:59
Kolonne på Hemsedalsfjellet

Slik er status på fjellovergongane 1. påskedag.

Det er kolonne på rv. 52 over Hemsedalsfjellet søndag morgon.

Første kolonne der gjekk klokka 07.00, og det er ikkje meldt om når ein ventar at vegen kan opna for fri ferdsel att. Vegvesenet melder at vegen kan bli stengd på kort varsel frå klokka 18.00 i kveld.

E16 over Filefjell er er open for fri ferdsel. Det same er fylkesveg 53 frå Tyin til Årdal.

Elles er rv. 13 stengd på grunn av uvêret, det same er fylkesveg 55 Sognefjellsvegen og fylkesveg 50 mellom Aurland og Hol.

Rv. 15 over Strynefjellet er open.

🏷️ Extracted Entities (8)

Hemsedalsfjellet (entity) Aurland (place) Filefjell (entity) Hol (entity) Sognefjellsvegen (entity) Strynefjellet (entity) Tyin (entity) Årdal (place)