Herold

Måndag 1. desember markerer vi reinhaldarane sin dag

Plus
Kilde: NH Author: Terje Steine Mjøs. Leiar yrkesseksjonen Samferdsel Teknisk, Fagforbundet Vestland Published: 2025-12-01 15:28:03
Måndag 1. desember markerer vi reinhaldarane sin dag

Reinhald er ei yrkesgruppe som under pandemien vart hylla for det viktige arbeidet dei gjorde. Dei stod i front for å hindre smittespreiing og sikra beredskapen ved alle arbeidsplassar i Vestland. No verkar det som at mange har gløymd denne hyllesta, og vi ser at fleire kommunar i Vestland konkurranseutset reinhaldet. Vi ser sparetiltak med lågare frekvens og dårlegare kvalitet mange stader.

Forsvarleg og godt reinhald er heilt avgjerande for at samfunnet vårt skal fungere.

Reinhaldarar er ikkje berre dei som held omgjevnadene reine. Dei er fagfolk med kompetanse som hindrar smitte, førebyggjer sjukdom og sikrar eit trygt miljø – på sjukehus, skular, barnehagar, i offentleg transport og alle andre arbeidsplassar.

Difor er trenden vi ser med kutt og konkurranseutsetting svært bekymringsfull.

I fleire kommunar ser vi at nedskjeringar i reinhaldet går ut over kvardagen til tilsette og brukarar. Her er frykta vår at konkurranseutsetjing vil svekkje kvaliteten, noko som vil råke alt frå skuleelevar til pasientar på sjukeheimar.

Fleire media har i det siste fortalt om korleis nedskjeringar av reinhaldet på skular går ut over kvardagen til elevar og tilsette.

Når reinhald blir kutta, aukar risikoen for infeksjonar, allergiar og utrygge arbeidsmiljø. Dette er å gamble med helsa til folk, og det er ei direkte nedvurdering av kompetansen til reinhaldarane. For reinhald er langt ifrå berre estetikk – det er samfunnskritisk.

Reinhald er eit fag.* *Det krev kunnskap om smittevern, kjemikaliar, materialar og metodar. Når kommunar nedprioriterer reinhaldet, undergrev vi denne kompetansen, og konsekvensane kan bli alvorlege – både for enkeltpersonar og for heile laget av samfunnsfunksjonar.

Vi burde ha lært mykje av pandemien. Godt reinhald var essensielt for å unngå smittespreiing. Reinhaldarane gav kommunen avgjerande fleksibilitet. No verkar det som om denne innsatsen er gløymd.

Det er på tide å snu tankegangen: Reinhald er ikkje berre ein kostnad av nødvendigheit, det er ei investering i helse, tryggleik og beredskap. Og vi skal vere enormt glade for at vi har dyktige og fagleg engasjerte medarbeidarar som står i oppdraget med å halde oss andre trygge – veke inn og veke ut.

Så la oss bruke reinhaldarane sin dag til å seie det tydeleg: reinhaldarane held hjula i gang. Dei fortener respekt, anerkjenning, anstendige løns- og arbeidsvilkår, men også nok tid og ressursar til å utføre jobben sin med den kvaliteten dei ønskjer.

Gratulerer med dagen til alle reinhaldarar. Takk for den viktige jobben de gjer!