Ekstremvêret «Dave»: Ber folk vurdera å køyra heim frå påskeferie før uvêret slår inn
Plus
Ekstremvêret «Dave» slår inn over delar av Sør-Norge frå søndag føremiddag, 1. påskedag. Vegar kan bli stengde på kort varsel.
Vinden er venta å vera på sitt aller sterkaste frå søndag føremiddag til tidleg søndag kveld. Særleg i fjellet i Sør-Norge er det venta at sterk vind i kombinasjon med nedbør gir svært krevjande køyreforhold og stengde fjellovergangar, også mandag, 2. påskedag.
– Eg oppmodar sterkt om å vurdera å køyra heim frå påskeferie før uvêret slår inn frå søndag, eller å venta til etter at det er over, seier Svenn Finden, avdelingsdirektør i Statens vegvesen, i ei pressemelding.
Han åtvarer også om at folk som har parkert bilane sine på fjellet må pårekna at dei ikkje får dei ned igjen som planlagt, på grunn av stengde fjellovergangar.
– Statens vegvesen er førebudd saman med våre entreprenørar og andre aktørar på uvêret som kjem. Men viss forholda blir for krevjande kjem tryggleiken til trafikantane alltid først i vår vurdering av om vegar må stengast, seier Finden.
Meteorologisk institutt ber elles folk om å sikra lause gjenstandar, og vera obs på at vegar kan bli stengde på grunn av tre eller andre hindringar i vegen, at det kan komma straumbrot og at ferjer og hurtigbåtar kan bli innstilte.
Gallerist Amalie (27) like før elddåpen: – Eg har hatt mareritt om at det ikkje ville koma nokon