Herold

Påskekonserten samla 220 i Fatlandskogen: – Rekord

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Mona Grønningen Published: 2026-04-04 18:26:48
Påskekonserten samla 220 i Fatlandskogen: – Rekord

Konserten ved Naturscenen i Fatlandskogen på skjærtorsdag samla rundt 220 sjeler, som alle saman skein i kapp med den fine vårsola. – Dette er rekord for vårkonserten, og opp mot det maksimale me får plass til, skriv arrangørane.

Gullhaugkonsertane har ansvaret for konserten, som i vinterhalvåret går inne i skogen, fordi det er litt for kaldt på Gullhaug. Men til sommaren blir konsertane på Gullhaug, som vanleg.

«Den flotte musikken, som dei frammøtte sette så tydeleg pris på, var denne gongen ved: Anne Sofie (neverlur), Stig Arild (trompet), Shantykoret (korsong), Ella (piano), Huldrene (barnekorsong), Kammerkoret (korsong) og Torvald (orgel). Alle stod for flotte framføringar, trass i at dette er ein konsert først og fremst for lokale amatørkrefter. Det heile vart elegant leia av Torvald Gjerde, som er sjefen for det frivillige laget Gullhaugkonsertane. Konserten hadde gratis entré, men i kiosken var det råd å kjøpa seg kaffi og kaker. Også her var det rekordtempo, og kvar einaste kake forsvann i løpet av dagen» skriv Arne Gjerde i referatet på heimesida til Gullhaugkonsertane.

Rundt i skogen yrte det med folk frå tidleg morgon, og mange var nok tidleg ute for å finna snop frå påskeharen:

«Trass i at han påstår han har lagt frå seg godt over 200 gule godteposar langs Naturstien, var området støvsugd lenge før lunsj» står det vidare.

Også langfredag var det mykje folk i Fatlandskogen.

«Ei kjempevellukka helg må me seia at det har vore, og publikum skrytte og var vel nøgde med alt dei hadde opplevd. Men påskedag er det meldt regn og storm, og då blir det nok mindre konkurranse om dei gule godene. Påskeharen reiser litt før lunsj den dagen, for å unngå stormen» står det avslutningsvis.

🏷️ Extracted Entities (5)

Fatlandskogen (entity) Gullhaug (entity) Arne Gjerde (person) Gullhaugkonsertane (entity) Naturscenen (entity)