Herold

Justerer farevarselet – men ikkje for Jæren

Plus
Kilde: Jærbladet Author: Snorre Standish Norheim Published: 2026-04-04 09:48:10
Justerer farevarselet – men ikkje for Jæren

Første påskeaftan treff ekstremvêret Dave Norge. Sikra lause gjenstandar, ver heime og bruk sunn fornuft, er blant råda.

Langfredag varsla Meteorologisk institutt om raudt farenivå. Farevarselet for sundag gjeld delar av Agder, Rogaland og Sunnhordland.

Framleis er meldinga klar – du må gjera deg klar for svært kraftige vindkast på sundag, første påskedag:

«Det ventes lokalt svært kraftige vindkast på rundt 30–40 m/s fra vest og nordvest, og full til sterk storm på kysten. Vinden vil øke først i vest og sist i øst.»

Det oppdaterte farevarselet vart klart tidleg laurdag ettermiddag. Det blir ikkje gjort endringane for dei mest utsette områda, i Rogaland og Agder.

Langs kysten frå fylkesgrensa i nord og delar av Agder, er det framleis meldt raudt.

Flyttar gudstenester

Faren aukar særleg frå klokka 13 og minkar frå 17, ifølge yr.no, når det er meldt fullt storm. I tidsrommet før og etter toppen er det meldt stiv kuling.

Biskop Anne Lise Ådnøy har bestemt at gudstjenestene 1. påskedag 5. skal flyttast til klokka 10, i heile Stavanger bispedømme.

– Me vil feire Jesu siger over døden denne påskedagen også, seier biskopen i ei pressemelding.

– Når me flyttar gudstjenestene til klokka 10, kan me feira gleda i staden for å bekymra oss for om folk kjem seg trygt heim. Så kan me be og førebu oss på uvêret som kjem, uten at me mistar påskefeiringa.

Dersom uvêret kjem tidlegare enn det nå er meldt, vil det koma oppdatert informasjon via prostar og kyrkjeverjer.

– Ikkje krefter å spøka med

Laurdag formiddag formidlar Time kommune vidare informasjon frå myndigheitene, og ber folk halda seg inne og utsetta reiser:

«Når me skriv dette varslar Meteorologisk institutt om vindkast opp i 39 meter per sekund på Bryne klokka 14 i morgon, sundag. [...] Altså er dette noko heilt utanom det vanlege, og absolutt ikkje krefter å spøka med.»

Kommunen minner om at heller ikkje deira folk kan vera ute og rydda, før det er trygt, og vinden har løya litt.

Beauforts skala for vindstyrke fortel om den gjennomsnittlege vindstyrken i eit tidsintervall (som regel ti minutt). Full storm, som det er meldt om på sundag, er den tredje kraftigaste kategorien.

Kreftene kan rykka store tre opp med rota, skriv Store norske leksikon, og vinden kan gjera store skadar på hus.

«Denne og høyere vindstyrker vil de fleste aldri komme ut for. Trær velter over ledninger for telefon og strøm. Det knaker i tømmervegger. Lette småhus rives av grunnmuren», forklarer Yr.

Politiet: – Bruk sunn fornuft

Som følge av uvêret planlegg politidistriktet for auka beredskap sundag, og ber innbyggarane gjera det same i ei melding til publikum:

«Det vil være store krefter i sving, noe som øker faren for materielle ødeleggelser og strømbrudd. Politiet anbefaler at innbyggerne allerede i dag sikrer løse gjenstander. Planlegg godt, og bruk sunn fornuft dersom du må ferdes utendørs.»

Vidare ber politiet halda deg oppdatert på trafikk- og vêrmeldingar, og følga råda fra myndigheitene. Unngå å setta deg sjølv i situasjonar som kan leia til uønskte hendingar.

Kolumbus opplyser i ei pressemelding at ferjer og bussar kan bli innstilte på kort varsel – tryggleiken kjem først. Sanntidsinformasjon i appen kan ligga etter, følg derfor med i media og på kolumbus.no.

Oppfordringar ved raudt farevarsel

🏷️ Extracted Entities (13)

Agder (entity) Jæren (entity) Rogaland (place) Anne Lise Ådnøy (person) Dave Norge (person) Jesu (entity) Langfredag (entity) Meteorologisk (entity) Stavanger (entity) Store (entity) Sunnhordland (place) Time (entity) Yr (entity)