Herold

Sju personar involverte i front-mot-front-kollisjon på Hardangervidda

Plus
Kilde: Hordaland Author: Marita Saue Skjoldli Published: 2026-04-04 06:28:06
Sju personar involverte i front-mot-front-kollisjon på Hardangervidda

– Ein person har opplyst smerter i nakken, opplyste politiet.

Laurdag klokka 08:26 melde brannvernet at det har vore eit trafikkuhell mellom to bilar på riksveg 7 ved Dyranut.

– Det er to køyretøy involverte, melde Børre Brekkvassmo hjå 110 Hordaland kor tid etter fyrste melding.

Uhellet skal ha skjedd litt vest for Dyranut, ifylgje Brekkvassmo.

Klokka 12:18 melde politiet at dei var ferdige på staden, og at personane og køyretøya vart frakta til Eidfjord etter uhellet.

Kart med ID 514905

Front mot front

Operasjonsleiar hjå Vest politidistrikt, Frode Kolltveit, opplyste at det var snakk om front-mot-front-kollisjon, og at førarane var menn i 30-åra og 70-åra.

– Det er totalt sju personar involverte, med fire personar i bilen frå vest og dei andre i bilen frå aust. Ein av dei involverte har opplyst å ha smerter i nakke, opplyste Kolltveit klokka 08:43.

Fyrst var meldingane frå naudetatane at ingen var skadde, men etter at dei fyrste brannmannskapa kom til staden 08:36, er det meldt at ein person har smerter.

Alle kom seg ut av køyretøya og var oppegåande.

Det vert ikkje oppretta sak etter hendinga.

– Glatt

Rundt klokka 09:20 vart det innført kolonnekøyring.

– Brøytebilen køyrer i området, opplyste Kolltveit i samband med ulukka.

Ifylgje vêrdata frå Statens vegvesen var det -5,2 grader og vindhastigheit på 9,5 m/s ved Dyranut. Politiet melde også om glatt og snødekt veg på staden.

Smartembed for https://www.avisnavn.no/api/graff/v1/component/trafikk-fjelloverganger-liste?pass=79213072,976989548,915906244,81833493,82951889,761980521

Då brannmannskapa var i området, oppdaga dei ein ny krasj mellom to bilar i omtrent same området.

Les meir om det her:

Då brannmannskapa rykt ute ut til kollisjon, kom dei over eit nytt trafikkuhell

Har sendt ut to farevarsel for helga: – Kan koma opp i 20 meter per sekund

🏷️ Extracted Entities (8)

Dyranut (entity) Frode Kolltveit (person) Hardangervidda (entity) Børre Brekkvassmo (person) Eidfjord (place) ID (entity) Statens (entity) Vest (entity)