Då brannmannskapa rykte ut til kollisjon, kom dei over eit nytt trafikkuhell
Plus
Det er meldt om to hendingar i trafikken på riksveg 7 over Hardangervidda påskeaftan.
I samband med trafikkulukka ved Dyranut laurdag morgon kom brannmannskap over eit anna trafikkuhell på riksveg 7 på Hardangervidda.
– Det skal ha vore ein påkøyrsel bakfrå med totalt tre personar involverte, opplyste operasjonsleiar Frode Kolltveit hjå Vest politidistrikt rundt klokka 09 påskeaftan.
Kart med ID 514920
Dette uhellet skal ha skjedd litt over to kilometer vest for Dyranut.
– Det er ingen personskade, men det er meldt om lekkasje av kjølevæske, melde Kolltveit.
Brannvernet melde om «moderate skadar» etter uhellet. Den eine bilen må hentast av bergingsbil.
– Dei involverte klarar seg sjølve, og treng ikkje oppfylging av politiet no. Mannskap frå brannvern er saman med dei involverte og hjelper.
Kort tid etter uhellet, innførte Statens vegvesen kolonnekøyring på fjellovergangen.
Smartembed for https://www.avisnavn.no/api/graff/v1/component/trafikk-fjelloverganger-liste?pass=79213072,976989548,915906244,81833493,82951889,761980521
Innfører kolonnekøyring etter fleire ulukker
Sju personar involverte i front-mot-front-kollisjon på Hardangervidda