Herold

Åtvarar om stor skredfare i Hardanger

Plus
Kilde: Hordaland Author: Marita Saue Skjoldli Published: 2026-04-04 12:54:51
Åtvarar om stor skredfare i Hardanger

Fyrste påskedag er det raudt farevarsel for skredfare.

NVE melder på varsom.no at det er raudt farevarsel for skredfare i Hardanger.

I varselet står det at i fjellet over rundt 800 meter over havet er det venta intense mengder med nysnø kombinert med vind i storm styrke.

– Skred kan losna av seg sjølv i mange bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrava ein bil eller øydeleggja eit lite hus.

NVE oppmodar spesielt til å vera merksam i nordvendt terreng over 1200 meter over havet, der det framleis kan vera lommer med vedvarande svake lag nede i snødekket.

På Hardangervidda, der det er venta mindre nedbør og under rundt 600 til 800 meter over havet, der det er lite snø frå før, er skredfaren lågare.

Har sendt ut to farevarsel for helga: – Kan koma opp i 20 meter per sekund

🏷️ Extracted Entities (2)

Hardanger (entity) Hardangervidda (entity)