Herold

Politiaksjon i Førde etter at ungdommar fyrte av fyrverkeri mot bilar

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Einar Lundsør Published: 2026-04-04 05:05:17
Politiaksjon i Førde etter at ungdommar fyrte av fyrverkeri mot bilar

Politiet har ingen mistenkte og har ikkje oppretta sak på hendingane.

Seint fredag kveld fekk politiet ei rekkje meldingar om ungdommar som skaut fyrverkeri mot bilar i Hafstad-området.

Laurdag føremiddag er framleis ingen identifiserte.

– Vi har ikkje oversikt over kven dette er, seier Frode Kolltveit i Vest politidistrikt til Firda rundt klokka 10.00.

Skaut mot bilar og bygningar

Meldingane kom inn rundt klokka 21.35 fredag kveld. Ifølge politiet skal ein gjeng ungdommar skote fyrverkeri mot både bilar og bygningar.

Hendingane starta ved gamle Hafstad vidaregåande skule og heldt fram i retning bensinstasjonen i området.

– Dei har bevega seg frå Hafstad og bort mot bensinstasjonen. Det er også meldt om fyrverkeri i det området, seier Kolltveit.

Gjorde skadeverk

Det vart òg meldt om skadeverk på området ved den gamle skulen, som no er under oppussing.

I tillegg vart eit gjerde rive ned.

– Det er minimale skadar på gjerdet, og det er no sett på plass att, seier Kolltveit.

Eigaren av gjerdet vurderer å melde forholdet.

– Eit vitne

Politiet rykte ut og leita etter personane.

– Patruljar har vore ute og sett etter dei, og vi har også teke bilde av skadane, seier Kolltveit.

Så langt har politiet berre eitt vitne til hendinga.

Har ikkje oppretta sak

Trass i meldingar om uro i området, har politiet førebels ikkje oppretta sak.

– Det er ikkje oppretta sak slik det står no, seier Kolltveit.

Han understrekar samstundes at saka kan bli vurdert på nytt dersom det kjem inn fleire opplysningar, eller om eigaren av gjerdet melder hendinga.

Politiet held fram arbeidet med å kartleggje kva som skjedde fredag kveld.

I Sogndal tolte ein mann i 20-åra at han blei nekta inngang på ein utestad dårleg.

Politiet måtte ta hand om han, og beskriv han som rusa. Mannen nekta å forlate området, og skal ha slått etter ei vakt. Mannen blei vist bort frå sentrum. Politiet opprettar ikkje sak.

To millionar nordmenn førebur seg på dritvêr. Vi sklir unna

🏷️ Extracted Entities (6)

Frode Kolltveit (person) Førde (entity) Hafstad (place) Firda (entity) Sogndal (place) Vest (entity)