Brannvesenet rykte ut til mistenkeleg lukt på Elkem
Plus
Det er sparsamt med opplysningar i meldinga frå 110 Vest, men brannvesenet i Bremanger rykker altså ut for å sjekke ut ei mistenkeleg svilukt.
– Det er ingen røyk eller brann, melder Børge Brekkvassmo.
Vi ringer opp og får litt meir kjøtt på beina. Brekkvassmo fortel at det er til Elkem brannvesenet har rykt ut.
– Dei er framme på staden, og det er verken røyk eller brann, men det luktar litt svidd. Vi har sendt inn to røykdykkarar med IR-kamera for å sjå om vi kan finne ut kor lukta kjem i frå, utdjupar Brekkvassmo.
– Det verkar ikkje å vere veldig dramatisk legg han til.
Utrykningsleiaren meiner det luktar svidd elektronikk, og det viser seg å stemme. Lukta kjem frå ein straumforsyning.
– Brannvesenet blir på staden til elektrikar kjem til staden, skriv Brekkvassmo i ei melding.