Herold

Meldt om fleire trafikkulykker på Strynefjellet

Plus
Kilde: Firda Author: Sanne Slåtten Published: 2026-04-04 12:24:39
Meldt om fleire trafikkulykker på Strynefjellet

Klokka 14.22 melder Vegtrafikksentralen vest om eit trafikkuhell i Oppljostunnelen i Stryn.

Hendinga har skjedd på fylkesgrensa mellom Vestland og Innlandet.

Politiet i Innlandet melder om fleire trafikkulykker på Strynefjellet.

– Det starta med tre biler som køyrde inn i kvarandre bakfrå. Som følge av at trafikken står meldast det om fleire uhell etter dette, opplyser Haagen Løvseth i Innlandet politidistrikt.

Klokka 14.40 melder politiet at det truleg har vore to hendingar på staden.

– Den første har vore den nemnde med tre bilar. Etter det har to bilar så vidt vore bort i kvarandre. Dei har køyrt vidare frå staden, melder Løvseth.

Brøytebil er på staden og hjelper til til naudetatane kjem. Bilbergar er på veg.

Rv. 15 over Strynefjellet var stengd som følge av dette.

🏷️ Extracted Entities (7)

Strynefjellet (entity) Innlandet (entity) Haagen Løvseth (person) Oppljostunnelen (entity) Stryn (entity) Vegtrafikksentralen (entity) Vestland (place)