Gjestane kom med sola: Hos Ariana var det støtt og stadig besøk
Plus
På den første verkelege vårdagen strøymde små og store til den populære aktivitetsparken.
Å få ein liten audiens hos Ariana Fløysand (22) er ikkje berre lett. Det er fort gjort at det blir travelt rundt henne.
– Eg sit jo her i resepsjonen, seier ho med eit smil.
NH har fått nokre minutt medan det er litt stille på besøksfronten. Men vi må vere kjappe, for plutseleg kan det komme gjestar innom som skal kjøpe inngangsbillett eller har spørsmål på hjartet.
Fløysand er vand med spørsmåla som kjem frå folk som er innom Alpakkaparken på Holsnøy. Mellom dei mange unge deltidstilsette ved parken, er 22-åringen som veteran å rekne.
Ho har jobba litt over heile linja med små og store oppgåver, men for tida sit ho hovudsakeleg i resepsjonen.
– Eg var her i fjor og i forfjor også. Så dette er det tredje året mitt.
Ut på ridetur
Torsdag var årets første verkeleg vårdag. Trass litt vind, krydde det av folk som hadde tatt turen i sola for å leike og ha det gøy i parken.
Etter dei opna for tre år sidan har fleire og fleire fått auga opp for plassen som Ragnar og Nina Risholm har bygd opp. Siste nytt er at dei satsar på å tiltrekke seg dei utanlandske cruiseturistane.
Foreløpig har ikkje cruisesesongen starta heilt, så langt på veg dei fleste som var i parken torsdag kom frå Nordhordland og elles frå bergensområdet.
Ei som verkeleg såg ut til å storkose seg i sola var vesle Anna Rossland (2). Ho fekk ri på ein ponni.
– Jippi, braut ho ut der ho rei rundt i parken.
Har sesongbillett
Ei som også er storfornøgd med tilboda i Alpakkaparken er Heidi Sæbø. Saman med familien tar ho støtt og stadig turen ut til nordre del av Holsnøy.
– Dette er andre året vi har sesongbillett, forklarer ho.
Dette året gler familien seg til å finne ut kva for gøye ting parken har funne på gjennom vinteren. Kanskje det dukkar opp nye tilbod som parkleiinga har tenkt ut.
Uansett kva nytt som kjem gler både små og store seg over tilboda som allereie er på plass.
– Vi er glade i hoppeslottet og alpakkaane. Ungane har jo gitt dyra eigne namn. Den eine heiter Børre. Vi har eit alpakkakosedyr heime som er heilt lik den verklege utgåva som går her.
Får kontroll på gjestane
Ein som passar på folk i parken både når dei skal inn og ut, er Martin Ryssdalsnes-Grung. Som kollega Ariana i resepsjonen har 19-åringen lite tid til å preike.
Det skjer så mykje rundt han.
Jobben til Ryssdalsnes-Grung ser kanskje enkel ut, men det er ikkje berre lett å vere ein slags trafikkoperatør på parkeringsplassen til parken.
Medan han står og pratar med NH, kjem det ein bil køyrande inn på parkeringa. 19-åringen spring bort og peikar bilisten vidare.
– Tusen takk! Kjem det gjennom vindauge frå sjåføren.
Ryssdalsnes-Grung har ein fast rutine på korleis trafikkflyten skal gå som smurt.
– Oppgåva mi er å sørge for køyretøya står på linje bortover her.
Han viser korleis parkgjestane har stilt seg opp på rekke og rad på parkeringsplassen. Slik unngår dei klabb og babb når dei skal ut eller andre skal inn.
– Rett og slett vise dei korleis dei kjem på plass.
Eventyrland for stril og bergensar – og no kjem cruise-turistane hit
Julia har gjort lynkarriere: – Eg forstod først ikkje. Meiner de ein «manager»?
Røper store planar: – Her skal vera noko for heile familien