Fundamentet i lokalsamfunnet
Graset i bakkane og pÄ markane er ein av dei viktigaste ressursane vi har. Det er grunnlaget for matproduksjon, beredskap og levande lokalsamfunn.
Meir enn «berre gras»
Du leser nÄ et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.
Berre rundt 3,5 prosent av Noreg sitt areal er dyrka mark. PÄ stÞrsteparten av dette veks gras. I vÄrt klima og vÄr topografi er gras den mest robuste og produktive ressursen vi rÄr over.
Gras blir gjort om til mjÞlk og kjÞt gjennom kyr og sau. Areal som elles ikkje kunne produsert mat til menneske, blir utnytta effektivt gjennom dyr som gjer graset om til mat pÄ tallerkenen. NÄr vi litt kjapt kan seie: «Det veks berre gras her», bÞr vi altsÄ tenke oss om. Vi snakkar faktisk om sjÞlve fundamentet for norsk matproduksjon.
Gras er beredskap
I ei uroleg verd blir matberedskap stadig viktigare. Beredskap handlar ikkje berre om lager, men om evna til Ă„ produsere mat â her og no, nĂ„r det trengst. Den evna kan ikkje plutseleg bli etablert i ein krisesituasjon. NĂ„r krisa rammar, er det for seint Ă„ starte pĂ„ nytt â dĂ„ treng vi eit landbruk som allereie stĂ„r stĂžtt. Utan dagleg produksjon mistar vi bĂ„de kompetanse, kapasitet og sjĂžlve grunnmuren for Ă„ kunne brĂždfĂž oss sjĂžlve.
Areal mange avfeiar som «berre gras» er difor blant dei viktigaste beredskapsressursane vi har.
Eit landskap som gir identitet â og mangfald
Ei eng med «berre gras» er resultatet av hundreĂ„r med bruk og aktiv drift av jorda. NĂ„r slĂ„tten stoppar og beitedyra forsvinn, er det berre eit tidsspĂžrsmĂ„l fĂžr kratt og buskar tek over. Det opne kulturlandskapet vi set sĂ„ hĂžgt â med vakkert velstelt turterreng som gir utsikt og norsk identitet â forsvinn.
NÄr kulturlandskapet gror att, forsvinn ogsÄ natur- og kulturverdiar. Mange av vÄre mest trua artar er knytt til opne engareal, som slÄtteeng og naturbeitemark. Her finn vi plantar, insekt og fuglar som er heilt avhengige av aktiv drift. Samtidig stÄr kulturminne som steingardar, utlÞer og sommarfjÞs i fare for Ä forfalle og gÄ tapt nÄr landskapet ikkje lenger blir halde ope.
Fundamentet i lokalsamfunnet
I mange distriktsomrĂ„de er landbruket meir enn ein nĂŠringsveg â det er fundamentet lokalsamfunnet stĂ„r pĂ„. Sentrum i dette fundamentet er den grĂžne enga: areal som gjer det mogleg Ă„ drive gard og produsere mat over heile landet.
NĂ„r eit gardsbruk blir lagt ned, er det ikkje berre eit fjĂžs som blir stĂ„ande tomt. NĂ„r enga ikkje lenger blir hausta eller beita, forsvinn graset â og krattet tek raskt over areala som fĂžr gav mat og liv til bygda. Ein del av den lokale beredskapen, kulturen og fellesskapen forsvinner. Det blir fĂŠrre folk, mindre aktivitet og svakare grunnlag for dei tenestene og arbeidsplassane bygda treng for Ă„ halda seg levande. Slik mistar lokalsamfunnet litt av berekrafta og identiteten sin â stille, men merkbart.
Ta vare pÄ grasrota
I politikken, organisasjonslivet og samfunnsbygginga snakkar vi om «grasrota» som det breie laget av folk og ressursar som gjer at noko kan stÄ stÞtt.
Grasenga er grasrota â heilt bokstaveleg â i norsk matproduksjon, beredskap og levande lokalsamfunn. Graset er den jordnĂŠre basen alt anna kviler pĂ„.
SĂ„ om nokon seier: «Det veks jo berre gras der», kan vi svare: «Ja â og godt er det!» For desse grĂžne areala er meir enn «berre» gras â dei er sjĂžlve grunnlaget vĂ„rt. Utan dei ville vi vore langt fattigare â bĂ„de som land og som samfunn.
Kven fortener kulturlandskapsprisen?
Bak dei grÞne engene og det opne kulturlandskapet stÄr engasjerte bÞnder, drivarar og beitelag. For Ä heidre arbeidet deira, deler Statsforvaltaren i MÞre og Romsdal Ärleg ut ein kulturlandskapspris.
Vi oppmodar alle til Ä sende inn forslag pÄ kandidatar til prisen innan 1. mai. Meir informasjon om prisen og eit skjema der du kan sende inn ditt forslag, finn du pÄ nettsida vÄr.
Gjennom prisen vil vi syne at vi forstÄr kor grunnleggjande graset er for oss alle.
Vil du skrive i PÄ trÄden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt â Rbnetts meningsportal