Sysendalen løypelag med ny digital løysing – førebur spesiell vintersesong
Plus
Sysendalen løypelag førebur seg på ein ny vintersesong med fleire nyheiter. Mellom anna blir den tidlegare karttenesta Skisporet.no erstatta av Sporet.no, og løypelaget understrekar kor viktig løypeavgifta er denne sesongen sidan skitrekket er stengt.
Sysendalen løypelag er, saman med nye løypekøyrarar, klare for ein ny sesong. Førebuingane er i stor grad gjennomførte, og fredag 21. november blei første tur med rulle og GPS testa på delar av grusvegane. Samstundes har løypelaget inngått avtale med den nye løypetenesta Sporet.no, som no erstattar Skisporet.no. Tenesta er tilgjengeleg på nett og som app, og kjem med ei årleg abonnementsavgift. Eit enklare gratiskart er likevel tilgjengeleg på www.sysendalen.no.
Dei melder at dei no må læra seg den nye løysinga for å best mogleg kunna kommunisere med brukarane. Om den nye karttenesta seier Sysendalen løypelag:
– Dette er ei løypeteneste som erstattar skisporet.no, som vi har brukt tidlegare. Den nye tenesta tilbyr mykje god funksjonalitet.
Dei gler seg til ein ny sesong, men peikar på at løypeavgifta er særleg viktig i år, ettersom skitrekket er stengt. Sysendalen løypelag uttaler om situasjonen og behovet for støtte:
– Det blir ein spesiell vinter i Sysendalen, utan drift i vårt kjære skitrekk. Vi må då saman sikra oppslutninga til løypekøyringa slik at vi kan levera det tilbodet best mogleg. Vi har eit felles ansvar å få dette til.
Løypeavgifta er som før 900 kroner, og kan betalast via Vipps eller til løypelaget sitt kontonummer.
Løypelaget har teikna avtale med Eidfjord Bygdaservice om løypekøyring for komande vinter.
Reinseanlegget held fram trass i konkursfare for entreprenør
Kraftinntekter dekkjer store investeringar, men Eidfjord må stramma inn: Nye gebyr skal redda driftsmarginen
Sysendalen skisenter: Ny konsulent skal gi fart, men trekket står stille komande vinter
Neste vinter: Får opptrakka skiløyper, men truleg ikkje skiheis
Har stifta nytt firma: Adrian, Torstein og Hans Olav tilbyr tenester til privatpersonar i hus og hytter