Bil køyrde av vegen i Rosendal
Plus
Rundt klokka 20.30 langfredag melde politiet om ei trafikkulukke i Rosendal.
Ifølgje politiloggen fekk politiet melding om at ein bil hadde køyrt ut på eit jorde, og så hamna på sida. Føraren skal ha kome seg ut av bilen sjølv, og hevda seg uskadd etter utforkøyringa.
I ei oppdatering klokka 21.17 melde politiet at dei er på staden og i kontakt med føraren, som er uskadd. Vedkommande er ei kvinne i 20-åra, som ifølge politiet står fram som ruspåverka.
🏷️ Extracted Entities (1)
Rosendal
(place)