Ventar ekstremt kraftige vindkast
Plus
Ekstremvêret Dave er på veg mot fastlandet. På dagtid sundag, første påskedag, er det meldt raudt farenivå.
Meteorologisk institutt vurderer om delar av kyststrekninga frå Stavanger til Lindesnes skal settast på raudt nivå – det høgaste varslingsnivået, melde NRK fredag formiddag.
Det er snakk om sterk storm på kysten og svært kraftige vindkast over land, forklarte statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.
– Det er sjeldan me ser så kraftig vind så seint på våren i Sør-Norge. Me tar dette svært alvorleg, sa han til allmennkringkastaren.
I 12:30-tida har dei konkludert med raudt nivå, som inneber «ekstremt kraftige vindkast» i delar av Rogaland og Agder:
«Det ventes lokalt ekstremt kraftige vindkast på rundt 40-45 m/s fra sørvest, senere dreiende vest og nordvest, og sterk storm til orkan på kysten. Vinden vil øke først i Agder.»
Dave frå Irland
I Atlanterhavet, utanfor kysten av Irland, blir det laurdag morgon danna eit lågtrykk. I løpet av dagen vil dette lågtrykket treffa Skotland, mens det utviklar seg raskt, forklarer Meteorologisk institutt på sine nettsider.
Met Office i Storbritannia har døypt ekstremvêret Dave. Det vil gå gjennom ein prosess kalla rask intensivering, som inneber eit trykkfall på minst 24 hPa i løpet av 24 timar.
Smartembed for https://x.com/metoffice/status/2039642413057122584
Sundag morgon kjem Dave til å ligga i ein del av Nordsjøen kalla «jet-left exit region», som er kjent for å gje forsterka vind.
Jæren ligg utsett til:
«På søndag er det ventet ekstremt kraftige vindkast fra sørvest og vest, på deler av Rogaland og Agder (rødt nivå). De sterkeste vindkastene ventes å komme opp i 40-45 m/s, ytre strøk av Rogaland og Agder. »
Vinden vil auka først i Rogaland tidleg sundag morgon, før området med den sterkaste vinden breier seg gradvis austover i løpet av sundagen. Den kraftigaste vinden minkar fra sundag kveld, først i vest.
Det er venta høge bølger, opptil 8–10 meter på utsette stader.
Ved Obrestad fyr er det fredag 12:50 meldt stiv kuling til full storm sundag ettermiddag, med vindkast på 39 sekundmeter klokka 14.
Smartembed for https://www.jbl.no/api/graff/v1/component/vaer-melding?id=514758
Tilpass heimreisa
– Det er ikkje gunstig å reise midt på dagen. Då er det venta å vera på sitt sterkaste, frå føremiddagen til ettermiddagen sundag. Det er lurt å tenke på om ein skal reise før eller etter stormen, sa Fagerlid fredag formiddag.
Prognosane var ennå usikre, men det kunne bli storm inn mot Vestlandet og i fjellet. På yr.no delte meteorologane følgande råd:
«Det kan bli problemer på fjellovergangene, så følg med på værvarselet, og planlegg hjemreisen etter været.»
I samband med det raudevarselet deler Meteorologisk institutt nå desse råda:
Oppfordringar ved raudt farevarsel
🔗 Related Articles (11)
View Graph