På kort tid har dei nærmast dobla medlemstalet: – Vert enklare å få til store ting
Plus
– Dette er eit heilt tydeleg bevis på at unge framleis bryr seg om natur og klima, seier Elion Fjose, leiar for Voss Natur og Ungdom.
I løpet av berre to dagar gjekk Voss Natur og Ungdom frå 56 til 99 medlemmar.
– Det er bra at me er fleire som vil engasjera oss her lokalt. Når me er fleire som kan dra lasset, vert det enklare å få til store ting, seier leiar Elion Fjose.
Lokallaget er ein del av Natur og Ungdom, som er den største miljøorganisasjonen for unge i Noreg.
I slutten av mars besøkte lokallaget både Voss Gymnas, Voss vidaregåande skule og Voss ungdomsskule for å verva nye medlemmar. Dette resulterte i 43 nye medlemmar.
– På sin plass
– Mange har vore engasjerte og hatt lyst til å prata med oss, seier Fjose.
Særleg på Voss vidaregåande skule håva dei inn fleire unge til lokallaget. Mange av dei nye medlemmane er elevar ved villmarkslinja.
– Eg synest det er på sin plass at villmarkselevane også arbeider for å ta vare på naturen dei bruker, seier Fjose som sjølv er elev ved denne linja.
Får større tru på framtida
Voss Natur og Ungdom har drive aktivt i fleire år, og arbeider med både lokale og nasjonale miljøsaker. Lokalt har dei blant anna vore involvert i arbeidet mot utbygginga av Bømoen. Ei av dei nasjonale sakene dei kjempar mot, er dumping av gruveavfall i norske fjordar.
Fjose gler seg no over å kunna arbeida med saker som eit større lokallag. Han meiner at medlemsauken er eit tydeleg bevis på at unge framleis bryr seg om natur og klima.
– Det er lett å verta handlingslamma når det som møter oss i media, i avisene og blant vener, er negative nyhende om krig og elende. Men når me går saman og organiserer oss med andre, får me større tru på framtida. Det merkar eg iallfall sjølv, seier leiaren.
Gler seg til besøk
Fjose understrekar at organisasjonen ikkje berre handlar om seriøs møteverksemd og politisk arbeid. Han trekkjer fram at organisasjonen kan bidra til at ein får vener frå heile landet, med felles interesse for naturen og miljøvern.
I løpet av året arrangerer Natur og Ungdom fleire treff der dei samlar ungdomar frå ulike lokallag. Ei helg i april vert det arrangert fylkesseminar på Voss vandrarheim.
Lokallagsleiaren gler seg til å få besøk av folk frå heile fylket.
Utanom Voss består regionen av lokallag frå Bergen, Gloppen og Sunnhordland.