Herold

Utanlandsk arbeidar døydde i arbeidsulykke på Stord

Kilde: NRK Author: Åge Algerøy Published: 2026-04-03 16:49:36 Last updated: 2026-04-03 18:05:34
Utanlandsk arbeidar døydde i arbeidsulykke på Stord

Ein mann i 40-åra mista livet i ei arbeidsulykke på verftet til Aker Solutions på Stord fredag ettermiddag.

Det stadfestar operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Helen Rygg Ims.

Dei pårørande til mannen er varsla.

Døydde av klemskade

Avdøde er ein utanlandsk statsborgar i 40-åra. Han døydde som følgje av ein klemskade, ifølgje politiet.

Naudetatane rykte ut då meldinga om ulykka kom klokka 14.38. Også eit helikopter frå Luftambulansen kom til staden.

Det er så langt uklart korleis ulykka skjedde. Politiet opprettar sak.

Verftet byggjer nye installasjonar, men har også eit anlegg for opphogging og gjenvinning av eldre plattformer.

NRK får stadfesta frå Aker Solutions at det var der ulykka skjedde.

Kommunikasjonssjef Odd Naustdal seier Aker Solutions har mobilisert sin eigen krisestab som følgje av arbeidsulykka.

– Stod i ein lift

– Vi har med stor sorg mottatt informasjon om at ein av våre kollegaer døydde etter ei arbeidsulykke i dag, 3. april, skriv kommunikasjonssjef Odd Naustdal i ei melding til NRK.

Naustdal opplyser at dei rundt kl. 14.30 fekk melding om at ulykka skjedde, og at vedkommande då stod i ein lift og jobba i høgda.

Han fortel vidare at naudetatane kom raskt til staden og at Aker Solutions mobiliserte sitt eige industrivern.

– Trass i livreddande innsats, stod ikkje livet hans til å redda, seier Naustdal.

Vedkommande var tilknytt ein av underleverandørane deira.

Ulykka skjedde på Eldøyane i Stord kommune.

Har sett krisestab

Naustdal skriv at Aker Solutions sin krisestab med relevant ekspertise er mobilisert.

– Vårt fokus no er å hjelpa politi og myndigheiter i arbeidet med å undersøkja korleis dette skjedde, få fram fakta for eigne vurderingar rundt korleis ulykka kunne skje, og ivareta både kollegaer og andre som er berørte av denne tragiske hendinga, skriv Naustdal.

Arbeidstilsynet er varsla om ulykka og vil følga opp hendinga, skriv lokalavisa Sunnhordland.

– Når slike tragiske hendingar skjer, bistår Arbeidstilsynet politiet med å undersøka kva som kan vera årsaker til ulukka, seier avdelings­direktør Marita Scott i Arbeids­tilsynet i ei melding til avisa.

🏷️ Extracted Entities (12)

Aker Solutions (person) Stord (entity) Kommunikasjonssjef Odd Naustdal (organization) Nyheiter frå Vestland 📁 (category) Sunnhordland (place) Arbeidstilsynet (entity) Arbeids­tilsynet (entity) Eldøyane (entity) Helen Rygg Ims (person) Luftambulansen (entity) Marita Scott (person) Sør-Vest (entity)

📊 Metadata

Category: Nyheiter frå Vestland