Jørn og Anna skal leia programmet når kongeparet kjem
Plus
Kongeparet kjem til Dale skule 27. mai klokka 16.00 når dei skal besøkja kommunen. Det vert rigga til ein utescene ved skulen der elevar, kor og korps skal delta i eit kulturprogram.
Ordførar Hege Eide Vik stadfestar detaljane for kongebesøket, etter at det er gjennomført synfaring på staden. Planlegginga av logistikken held fram for fullt etter påske, opplyser ho.
Program ved skulen
Heile leikeområdet og parkeringsplassen ved barneskulen vert nytta som areal for scene og publikum. Det vert gjort noko tilpassing av området før kongeparet kjem. Programmet på utescena skal vara i om lag 50 minutt.
Elevar frå ulike klassetrinn ved alle skulane i kommunen skal delta. Dei skal bidra med både song og forteljingar om bygdene. I tillegg skal kulturskulen, kor og lokale korps ha innslag. Jørn Øyrehagen Sunde og Anna Bergo skal vera konferansierar og leia publikum gjennom framsyninga.
- Det vil også bli talar ved kongeparet, og eg som ordførar skal ha ordet, seier Eide Vik.
Vidare til fabrikken
Etter at programmet ved skulen er ferdig, skal kongeparet køyra bil til Dale of Norway. Her er ikkje alle detaljar klare enno, men Idrettsrådet skal ha ein eigen presentasjon under dette stoppet.
- Arbeidet med programmet og logistikken held fram for fullt etter påske, seier ordføraren.
Kommunen vil gje ut meir praktisk informasjon til publikum når denne er klar.
- Målet er at flest mogeleg skal få høve til å sjå arrangementet ved Dale skule. Kongeparet reiser frå staden klokka 17.30, opplyser Eide Vik.
Kongeskipet
Ifølgje lokalavisa «Samningen», så er det fleire kommunar som skal få besøk på fylkesturen til kongeparet, 26. til 28. mai. Det er kommunane Etne, Samnanger, Vaksdal og Askvoll som får besøk, og kongen og dronninga kjem sjøvegen.
- Onsdag 27. mai kl. 11 stig Harald og Sonja i land på Bjørkheim. Her skal programmet vara fram til 12.30. Då skal kongeparet tilbake på kongeskipet før dei seinare vert køyrde i bil til Dale. Etter at det offisielle programmet i Vaksdal kommune er over, kjem kongen og dronninga tilbake til Bjørkheim for å gå om bord att, skriv avisa.
I samband med fylkesturane er det vanleg at kongeparet takkar for seg ved å invitera lokale representantar til til ei mottakinga om bord.
Rådmannen i Samnanger, Ove Sæbø, opplyser til Samningen at dette har vore nemnt, men at det ikkje er stadfesta om det vert ei slik mottaking medan skipet er i Samnanger, heiter det mellom anna i oppslaget.
Fakta om kongebesøket:
- Tidspunkt 27. mai klokka 16.00 til 17.30.
- Stader: Dale skule og Dale of Norway.
- Konferansierar: Jørn Øyrehagen Sunde og Anna Bergo.
- Innhald: Song, forteljingar, musikk og talar.
Kongeparet besøkjer Dale of Norway også
Arrangementet for kongeparet vert ved skulen på Dale
Ein halv million til kongebesøket
Førebuinga er i gang til kongebesøket