– Ein liten, men viktig ting
Plus
- desember stilte både branningeniøren og varabrannsjefen på stand på storsenteret og delte ut batteri.
I Kvinnherad kommune har det dei siste fem åra vore 48 bustadbrannar, opplyser Kvinnherad brann og redning. Målet er å førebygga nye brannar, og på røykvarslardagen var det utdeling av batteri til røykvarslarar.
– Det er ein liten, men viktig ting, sa dei to på stand som i tillegg gav ut informasjon om brannvern, og slo av ein prat med folk om å følga opp den faste tradisjonen med skifte eller sjekk av røykvarslarane ein har heime den 1. desember.
– Dette er ei viktig påminning om å ta branntryggleiken på alvor når vi går inn i den tida på året der det vanlegvis brenn mest, seier varabrannsjef i Kvinnherad, Thomas Hallquist.
Han minna om at folk som har vanskar med å sjekka røykvarslarar sjølv, treng hjelp frå sine nærmaste til det.
*Slik sjekkar du på 1-2-3: *
– Du bør bruka seriekopla røykvarslarar, slik at alle varslarane pip samtidig ved brann. Dette er spesielt viktig dersom bustaden din har fleire etasjar. Det kan gi deg og familien din verdifull tid til å komma dykk i tryggleik, seier branningeniør Wenche Korsbakke.
I tillegg bør røykvarslarar testast ein gong i månaden og kvar gong du har vore vekkreist over lengre tid.
Eitt tips for å få røykvarslarar til å vara lengre, er å støvsuga dei.
Helga og Tormod skapte julemagi heime på låven for første gong på seks år: – Det ligg mykje arbeid bak