Herold

Avslørte du desse aprilspøkane?

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Mona Grønningen Published: 2026-04-01 16:01:00
Avslørte du desse aprilspøkane?

Fleire bedrifter i Kvinnherad og omegn slo til med aprilspøkar på Facebook-sidene sine onsdag 1. april.

Med kunstig intelligens er det ikkje så vanskeleg å manipulera bilde no til dags, noko fleire nytta seg av for å fikla litt med bilde til aprilspøkane sine.

Av dei meir openberre spøkane var kanskje Bygger'n Teigen sin. Dei lanserte nemleg eit nytt produkt: «Motivasjon på boks».

– Perfekt til måndagar, treningsøkter og vanskelege oppgåver, skreiv dei blant anna i Facebook-innlegget.

Men gjengen på Bygger'n skal ha for at dei ikkje nytta seg av KI-manipulerte bilde denne gongen: Dei åtte boksane på bildet såg ut til å ha fått ekte papir-etikett på seg, skrive ut og manuelt festa på. Dei la med andre ord litt jobb i spøken sin.

Mange blei irriterte då Husnes Storsenter innførte parkeringsavgift for nokre år sidan. At sentersjefen og hans undersåttar har litt sjølvironi og humor viste Facebook-posten dei la ut på gruppa Kvardagsprat i Kvinnherad, om at frå og med onsdag 1. april så ville parkeringsavgifta auka til 19 kroner per minutt. Om det hadde vore reelt ville ein handletur på ein time kosta 1.140 kroner ...

Stord lufthamn røpa at det skulle byggast ein ekstra rullebane ved flyplassen. For å finansiera den skulle prisen på kioskvarene i terminalen auka difor med 1000 %, og dei tilsette ved lufthamna skulle jobba dugnad dei neste to åra. Illustrasjonen til innlegget var levert av det danske arkitektfirmaet «Thuul & Thøys», som kanskje burde få alarmbjøllene til å ringa hos dei fleste.

Mandelhuset kunne «avsløra» planar om ny cruisehamn i Våge Gjestehamn, som skulle få lokal straumforsyning frå Garden på Dalland sin vindmøllepark og den nye oljeplattforma som Flytenaustet er bygga om til. «Det var nødvendig med oljekraft i tillegg til vind sidan det stort sett er vindstille her» skreiv dei på Facebook.

Trafikkskulen Invia på Stord kom med pressemelding om at dei flyttar til Vabakkjen etter å ha kjøpt Stord Brannstasjon for 5,5 millionar kroner. «Eg har alltid ønskt å få vera brannmann, så dette kjøpet er vel det næraste eg kjem, seier ein småironisk Tor Inge Risheim. Fire pole’n blir garantert tatt vare på slik at dei ansatte kjem seg kjapt frå pauserommet og ned i skulebilane i garasjen. - Eg kjem til å bruke heisen, seier Oddmund Skår» stod det i innlegget.

Også Grieghallen prøvde seg på aprilspøk: For å bli sjølvforsynt med straum avslørte dei at dei no hadde installert vindmøller på taket.

Aprilspøkar

Til slutt vil vi nemna kvifor Kvinnheringen og dei fleste andre norske aviser har slutta med aprilspøkar på trykk og nett: Hovudårsaka er frykta for å spreia «fake news» (falske nyhende) i ei tid med store konfliktar i verda, polarisering og der tilliten til redaktørstyrte medium er under press. Behovet for påliteleg informasjon er stort, og vi ønskjer at lesarane våre skal kunna stola på oss. (Red. anm.).

🏷️ Extracted Entities (14)

Facebook (entity) Bygger'n Teigen (organization) Kvinnherad (entity) Stord Brannstasjon (person) Dalland (place) Flytenaustet (entity) Garden (entity) Grieghallen (entity) Husnes Storsenter (person) KI (entity) Kvardagsprat (entity) Trafikkskulen Invia (person) Vabakkjen (entity) Våge Gjestehamn (person)