Herold

Skal ha to dagar med blålyskøyring: – Glade for at vi får gjort det lokalt

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Marius Tveit Nissestad Published: 2026-04-01 22:05:00
Skal ha to dagar med blålyskøyring: – Glade for at vi får gjort det lokalt

Kvinnherad brann og redning blir godt synlege langs vegen 7. og 8. april.

Då skal nemleg 14 sjåførar gjennom vedlikehaldskøyring for kode 160, som er blålyssertifikatet.

– Då vil det vera ein god del blålyskøyring på strekninga frå Husnes til Odda og tilbake desse dagane, forklarer beredskapsleiar Are Blokhus i Kvinnherad brann og redning.

Tidlegare har dei måtta reisa til Haugesund for å gjennomføra denne vedlikehaldskøyringa, men i år har dei henta instruktørar til Kvinnherad.

– Vi har leigd instruktørar frå Bergen for å få øva med sjåførlærarar her vi faktisk driv utrykking. Det er ikkje vits å køyra rundt i Haugesund når det er her i Kvinnherad vi køyrer til vanleg. Så vi er veldig glade for å få gjort det lokalt, seier Blokhus.

Det startar opp klokka åtte på morgonen begge dagar og vil halda fram til seint på dagen, forklarer han. To nyttige dagar for brannvesenet, men det kan også vera nyttig for oss vanlege trafikantar.

– Det handlar om å øva på samspelet med andre i trafikken. Det er viktig for oss å få øvd på skarp køyring, men det er også viktig for medtrafikantane at dei ser oss og viker for oss tidleg. Så eg tenker at publikum har godt av å trena på dette også, seier han og held fram:

– Det kan også vera reelle hendingar den dagen. Men sjølv om det er øving, så køyrer vi slik vi ville gjort i reelle situasjonar. Det er det vi skal. Så vi håper at publikum vil hjelpa oss med å koma trygt fram. Det å køyra utrykking er noko av det farlegaste vi gjer. Då er det viktig at vi har godt samspel med trafikken elles, at dei som ser blålys gir oss god plass.

Blussa opp igjen i natt: – Var litt opne flammar

🏷️ Extracted Entities (6)

Kvinnherad (entity) Are Blokhus (person) Haugesund (place) Bergen (entity) Husnes (place) Odda (entity)