Herold

Kva gjer du på i påsken? Send oss påskebilde – du kan vinna gåvekort

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Mona Grønningen Published: 2026-04-02 07:00:00
Kva gjer du på i påsken? Send oss påskebilde – du kan vinna gåvekort

Vi vil ha lesarane sine påskebilde!

Nokon drar til fjells, nokon på bytur, medan andre skal tilbringa påsken heime i år. Men på grunn av heilagdagane er det mange av oss som får litt etterlengta fri.

Her finn du oversikt over arrangement og ting du kan delta på i påsken om du lurer på kva du skal finna på:

Dette skjer i påsken

Uansett om du har fri, må jobba, er heime eller på reise vil vi gjerne ha bilde frå påsken din!

Vi samlar dei i ein bildeserie, og trekker ut éin vinnar som får eit gåvekort på 500 kroner på Husnes Storsenter.

Send bilda dine til redaksjon@kvinnheringen.no og hugs å få med detaljar som kor bilda er tekne og kven som er med på bilda.

God påske!