Herold

Oppmoding: Ber folk vera varsame i ustabile vêrforhold

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Ingvild Sjo Published: 2026-04-02 09:30:00
Oppmoding: Ber folk vera varsame i ustabile vêrforhold

Politistasjonssjefen minnar om at ein ikkje kan stola på at isen er trygg under snøen til fjells. Dessutan må ein vera førebudd på raske vêromslag.

Ustabile vêrtilforhold er meldt, og det gjeld både snømengder, temperatur og is. Politistasjonssjef Sigurd Børve vonar folk som dreg høgt til fjells er varsame i påsken når dei ferdast i snølagde terreng.

– Vi ser at SKL òg har gått ut med varsel, seier Børve, og minnar om at isen under snøen ikkje er trygg.

Vatna SKL åtvarar mot ferdsel på er: Fjellhaugvatnet, Staffi – Jamtelandsvatnet, Nesjastølsvatnet, Svartatjørn, Brandvikvatnet, Nedre Vetrhusvatn, Blådalsvatnet, Midtbotnvatnet og Møsevatnet i Kvinnherad kommune og Kvandalsvatnet i Etne kommune.

Politistasjonssjef Sigurd Børve oppmodar elles folk til å ta vare på kvarandre, og visa fin framferd når ein er ute der mange folk er samla, sjølv om ein har teke seg eit glas eller to.

Uvanleg kalving og ditto namn: Gin og Tonic har eit halvsøsken som heiter Sangria

🏷️ Extracted Entities (15)

Sigurd Børve (person) Blådalsvatnet (entity) Brandvikvatnet (entity) Etne (entity) Kvandalsvatnet (entity) Kvinnherad (entity) Midtbotnvatnet (entity) Møsevatnet (entity) Nedre Vetrhusvatn (person) Nesjastølsvatnet (entity) SKL (entity) Sangria (entity) Staffi (entity) Svartatjørn (entity) Tonic (entity)